Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Barnearbeid
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Barnearbeid

Barn arbeidde i dei første fabrikkane i Noreg. Dette var vanleg også andre stader i verda, og er det framleis i ein del fattige land. Noreg var også eit fattig land på slutten av 1800-talet. Gjennom å lære om korleis barnearbeid blei avskaffa i Noreg, så kan vi kanskje avdekkje noko av dei prosessane andre land må igjennom før barnearbeid forsvinn også der.

Bruk ressursane du finn på nettstadene under og svar på spørsmåla.

  1. Bruk tabellen du finn på den første av nettstadene under. Gjer greie for kor mange barn som arbeidde i fabrikkindustrien i perioden 1870 til 1915. Sjå også på kva for typar industri som sysselsette flest barn.
  2. Kva var bakgrunnen for arbeidet med lover som avgrensa barnearbeidet?
  3. Kva meinte ulike grupper om barnearbeid i perioden 1870 til 1914? Alternativt: Kva for argument blei brukte for og imot barnearbeid i perioden 1870 til 1914?
  4. Kva for positive og negative sider meinte ein barnearbeid hadde?
  5. Kva gikk lova for avgrensing av barnearbeid ut på?
  6. Kva slags barnearbeid var vanleg på landsbygda? Korleis var forholda for desse barna?


Nettstader:

http://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/tab-2000-09-13-01.html
Tabell frå historisk statistikk frå Statistisk sentralbyrå.

http://www.ssb.no/a/histstat/artikler/art-2000-09-13-01.html
Artikkel frå Statistisk sentralbyrå om barnearbeid i industrien frå 1870 til 1915.

https://snl.no/barnevandring
Om dei såkalla barnevandringane på Sørlandet. Frå Store norske leksikon.