Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Portrett  >  Kristian Birkeland
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kristian Birkeland – gåverik vitskapsmann

Professor Kristian Birkeland (1867–1917) var uvanleg gåverik og ein allsidig vitskapsmann. Han var hovudsakleg interessert i nordlysproblemet, geomagnetiske forstyrringar og løyndomane til universet.

Opptatt av kjemien si praktiske nytte
Birkeland var den leiande eksperimental-fysikaren i verda, og la i tillegg grunnlaget for ein norsk vitskapleg forskingstradisjon. Han kom med tallause idear og teoriar, nokre heilt geniale og revolusjonerande, andre mindre brukbare. Birkeland var også oppteken av den praktiske nytten av fysikk, og namnet hans er mellom anna knytt til Birkeland-Eydes metode for framstilling av salpeter og etableringa av Norsk Hydro.

Skada av kvikksølv?
Birkeland hadde i alt 59 patent, men aktiviteten minka frå rundt 1910. Nokre av forskarane i dag trur han må ha vore kronisk kvikksølvforgifta av arbeidet i samband med terrellaforsøka.

Mystisk død
Dei siste åra av livet sitt budde han i Egypt. Han var i dårleg form og leid av forfølgingsvanvit. Birkeland blei funnen død på eit hotellrom i juni 1917, med ein revolver og sovemiddel på nattbordet.