Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Minoritetskulturar
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Minoritetskulturar (kapittel 8 og 23)

Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • gjere greie for den politikken den norske nasjonalstaten førte overfor urfolk, nasjonale og etniske minoritetar på 1800- og 1900-talet og diskutere nokre konsekvensar av denne politikken
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945


Forslag til undervisningsopplegg:

Vi skil ofte mellom nasjonale minoritetar – som kvener, samar, romfolket, taterar og jødar – og nye minoritetar – som tyrkarar, vietnamesarar, pakistanarar, polakkar osb. I dette undervisningsopplegget skal elevane bli kjende med og arbeide med nokre av dei nasjonale og nye minoritetsgruppene i Noreg. Resultatet av arbeidet kan for eksempel vere ei veggavis der minoritetsgruppene blir presenterte.

Klassen blir delt inn i grupper. Kvar gruppe vel ei minoritetsgruppe som er representert i Noreg i dag, og gjer greie for hovudtrekk ved kulturen og historia deira. Nettstadene under kan hjelpe elevane i valet av gruppe og i informasjonsinnhentinga. Dei to første lenkjene gir dei ei oversikt over innvandrargrupper i Noreg i dag, mens dei andre lenkjene inneheld informasjon om utvalde minoritetsgrupper.


Aktuelle nettstader og artiklar:

https://www.ssb.no/innvbef
Om dei største innvandrargruppene i Noreg frå Statistisk sentralbyrå. Klikk òg på "Tabell 1" lenger ned på sida.

http://no.wikipedia.org/wiki/Innvandrere_i_Norge
Artikkel om innvandrarar i Noreg frå Wikipedia. Her kan du finne artiklar om alle innvandrargruppene ved å klikke på lista.

http://www.sametinget.no/
Nettsidene til Sametinget.

http://kvener.no/
Nettstaden til Norske Kveners Forbund.

https://no.wikipedia.org/wiki/Skandinaviske_romanifolk
Artikkel om Skandinaviske romanifolk (tatarar, reisande) frå Wikipedia.

http://no.wikipedia.org/wiki/Romani-folket
Artikkel om romanifolket frå Wikipedia.

http://www.dmt.oslo.no/no/joder_i_norge/
Om jødane i Noreg. Frå det mosaiske trossamfunn.

http://no.wikipedia.org/wiki/Tyrkere_i_Norge
Artikkel om tyrkarar frå Wikipedia.

http://no.wikipedia.org/wiki/Pakistanere_i_Norge
Artikkel om pakistanarar frå Wikipedia.

http://dt.no/nyheter/hjertet-og-tankene-i-tyrkia-1.3402477
http://dt.no/nyheter/har-bestemt-seg-for-a-bli-i-norge-1.3402301
To artiklar frå Drammens Tidende om tyrkarar i Noreg: "Hjertet og tankene i Tyrkia" og "Har bestemt seg for å bli i Norge".

http://www.adressa.no/nyheter/trondheim/article932880.ece
http://www.adressa.no/nyheter/article586870.ece
To artiklar frå adressa.no: ”Polakkene som bygger Norge” og ”På jakt etter nederlendere”.