Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåver  >  Innvandring 1850–1914 – statistikkoppgåve
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Innvandring 1850–1914 – statistikkoppgåve

I perioden mellom 1850 og 1914 var det mange nordmenn som flytta til USA. Samtidig var det somme som flytta inn til Noreg. Denne oppgåva dreier seg om innvandring, men også om statistikk som historisk materiale. På nettstadene under finn du statistikk og artikkelstoff frå Statistisk Sentralbyrå om dette feltet.

  1. Kva for grupper innvandra til Noreg?
  2. Kor mange innvandra?
  3. Kvar busette dei seg?
  4. Kvar kom dei frå?
  5. Les artikkelen frå SSB. Kva slags ulike fasar for inn- og utvandring snakkar artikkelen om, og kva kjenneteiknar dei?
  6. Er historisk statistikk ei påliteleg kjelde? Kva faktorar kan vi tenkje oss som gjer det vanskeleg å måle inn- og utvandring? Les m.a. «Fagfeltet innvandrerstatistikk» på s. 14 og «Nettoinnvandring» på s. 24.


Nettstader:

http://www.ssb.no/a/histstat/sa/sa_020.pdf
Artikkel om innvandring frå Statistisk sentralbyrå. Mest om nyare tid, men òg noko historisk. Les «Sammendrag» og «Del I. Inn- og utvandring».

http://www.ssb.no/a/histstat/tabeller/3-3-9t.txt
Tabell over befolkning etter fødeland, 1865-1993. Frå Statistisk sentralbyrå.

http://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/ht-020220-051.html
Flytting til og frå utlandet, 1821-1948. Frå Statistisk sentralbyrå.