Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåver  >  Om å vaske seg
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Om å vaske seg

Dei som var barn i 1850-åra, var tipp-tipp-oldeforeldregenerasjonen til dagens ungdom. Dei var den første generasjonen det finst fotografi av. Til fotografen drog dei og foreldra deira nyvaska og i bestetasen. Men kor reine var dei til dagleg? Forstod folk helseverdien av å vaske seg?

Nedstøva i kjellarmagasina i biblioteket finst eit gammalt skrift som ingen har lånt på svært lenge: D.C. Danielsen: "Den spedalske Sygdom, dens Aarsager og Forebyggelsesmidler. Et Folkeskrift", som kom ut i Bergen 1854. Danielsen var lege, og han seier dette i skriftet:

«Een gang om Ugen maa Føder og Hals vaskes, enten i koldt eller lunkent Vand; og Børn må lige fra Fødselen til deres fjerde Aar, een gang om Ugen, helst Løverdags Aften, vaskes over det hele Legeme. Man lader nemlig eet Barn av gangen sidde i en Stamp (helst aflang) med lunkent Vand, (…) paa denne Maade vaskes den hele Krop; for hvert Barn tages rent Vand. At et saadant Bad vil være overmaade velgjørende også for Voxne, behøver jeg vel neppe at sige; men da dette kan have sine Vanskeligheder at faae udført, har jeg heller ikke tilraadet det.»

Skriftet er ein leivning frå fortida. Kanskje vi kan bruke det som kjelde til spørsmålet om hygienen blant folk i 1850-åra? Da må vi stille nokre spørsmål:
  1. D.C. Danielsen har produsert teksten i denne leivningen. Kva fortel levningen om Danielsen sjølv, om livet hans, arbeid, tankar og kunnskapar?
  2. Danielsen snakkar til nokon. Til kven, trur du?
  3. Kva kunnskapar om og syn på dei han snakkar til, kjem fram i teksten?
  4. Kor pålitelige tror du kunnskapane og forståinga hans er som skildring av hygiene blant folk? Grunngi svaret.
  5. Kor nyttig er leivningen som kjelde til hygieniske forhold blant dei han snakkar til?
  6. Har denne leivningen også ei historisk beretning? Forklar.