Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Landbruksmaskinar
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Landbruksmaskinar

Jordbruket har vore heilt avhengig av den arbeidskrafta mennesket representerer heilt opp til vår tid. Frå dei eldste tider har mennesket utvikla reiskapar som ljåar og sigdar, spadar og plogar og rokkar og vevstolar. Men av desse reiskapane var det berre bak plogane ein kunne bruke anna kraft enn den menneskelege. Men denne reiskapsbruken kallar vi ikkje mekanisering. Mekanisering er når ein utviklar reiskapar eller maskinar som blir drivne av ei anna energikjelde enn arbeidskrafta til menneske og dyr, og som utfører arbeidet til mange menn på kort tid.

Slåmaskinar
Omkring 1850 begynte den første industrialiseringa i Noreg, og ikkje lenge etter tok mekaniseringa av jordbruket til. Den første mekaniseringa var svært avgrensa, og først omkring 1900 skaut bruken av maskinar i jordbruket fart. Den første landbruksmaskinen som kom til Noreg, var slåmaskinen – som ikkje var ein maskin, sant å seie; han hadde inga form for motor og blei dregen av hestar eller oksar. Den første slåmaskinen kom omkring 1870, og allereie i 1872 var det 200 slike maskinar her i landet. Fem år seinare blei dei første norskproduserte slåmaskinane laga, og i 1907 var det heile 49 000 slåmaskinar i Noreg.

Berre han som har brukt eit langorv ein hel dag, veit kor mykje arbeid slåmaskinen sparte. Her kunne ein snakke om meir enn tolv manns styrke. Det var ein samanheng mellom innføringa av slåmaskinar og utskiftinga av jorda. Det eine fremde det andre. Maskindrift og teigblanding gjekk ikkje godt saman. Men mange smågardar i Noreg har så bratte jorde at ljåen framleis måtte brukast.

Treskjemaskinar
Kornet måtte framleis skjerast for hand. Skurtreskjarane låg enno eit stykke fram i tida; den første skurtreskjaren kom til Noreg i 1939. Men også tresking av korn er hardt arbeid. Dei første treskjemaskinane blei drivne med handkraft, men dei var for små for store kornprodusentar. I 1853 kom det første dampdrivne treskjeverket – lokomobilen, som han blei kalla – til landet. Desse treskjemaskinane var så store og kostbare at ofte gjekk fleire bønder saman og skipa treskjelag for å kunne kjøpe dei.

Traktorar
I 1908 kom den første traktoren til Noreg. Det var godseigar Isach J. Coldevin på det store Dønnesgodset i Dønna i Nordland som kjøpte han inn. Han hadde utdanning frå Noregs landbrukshøgskole og var oppteken av å modernisere jordbruket. Han sette også i gang eit meieri og ein planteskole for distriktet. Men denne moderniseringa kravde mykje kapital. I 1911 gjekk Coldevin konkurs, og godset blei oppløyst.