Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Kven skaper verdiane?
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kven skaper verdiane?

Norsk Hydro
Etableringa av Norsk Hydro og norsk kunstgjødselproduksjon er blitt omtalt som eit industrieventyr. Produksjonen representerte høgteknologien i tida, og norsk kunstgjødsel blei eit verdsprodukt. Men kven skapte dette industrieventyret?

Kunnskap og kapital – Birkeland og Eyde
Kristian Birkeland var naturvitskapsmannen som ville utnytte kunnskapane han hadde i fysikk og kjemi, til nyttig produksjon. Ved hjelp av den økonomiske støtta han fekk frå finansmannen Sam Eyde, utvikla han ein metode for utvinning av nitrogengjødsel frå nitrogen i lufta ved hjelp av elektrisitet. Sam Eyde hadde pengar, men ikkje nok. I 1905 grunnla han Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab med fransk, svensk og noko norsk kapital. Det måtte altså eit aksjeselskap og utanlandske investorar til. At utanlandsk kapital var så sterkt inne i biletet, skapte politisk debatt og strid i åra etterpå.

Anleggs- og fabrikkarbeidarar
Men kunnskap og kapital var ikkje nok. Nokon måtte byggje fabrikkane og kraftstasjonane, og nokon måtte utføre det ofte farefylte arbeidet med å byggje demningar og leggje røyrgater og kraftleidningar. Og nokon måtte arbeide i fabrikkane når produksjonen var kommen i gang. Utan nokon til å gjere dette arbeidet, ville det ikkje ha blitt noko industrieventyr.