Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Arbeidsfolk og arbeidskamp
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Arbeidsfolk og arbeidskamp

Småindustri ved elver og fossar
Fabrikkane i Noreg frå 1850-åra og utover var små, og produksjonsromma var mørke og støvete. Det var svært mange kvinner som arbeidde i tekstilindustrien. Barn og kvinner blei rekna som dyktigare til å arbeide ved dei intrikate spinne- og vevemaskinane. Vevstolane blei ikkje drivne av damp eller elektrisitet, men av eit system av vasshjul og drivreimar. Derfor måtte desse tekstilfabrikkane liggje ved fossane.

Arbeidarane organiserer seg
På 1800-talet hadde kvar fabrikk få tilsette samanlikna med land som Storbritannia og Tyskland. Mange reknar med at her ligg ein av grunnane til at norske arbeidarar tok til å organisere seg nokså seint. Først i 1870-åra blei dei første fagforeiningane skipa. Dei blei sterkt motarbeidde av fabrikkeigarane, som ville forhandle med kvar einskild arbeidar, ikkje med ei sterk fagforeining som kunne stille truslar om streik og andre aksjonar bak krava sine. Men dei som åtte og dreiv fabrikkane, var på vikande front. Fleire og fleire yrkesgrupper organiserte seg. Det blei lagt stor vekt på at fagforeiningsfanene skulle vere vakre – arbeidarane skulle kunne vere stolte å gå bak dei.

Krav om reduksjon av arbeidsdagen
Arbeidsdagane var lange, før 1915 gjerne 12 timars arbeidsdag. Å arbeide 12 timar kunne vere ei større bør enn mange tolte. For kvinner som i tillegg hadde husarbeid å utføre heime, var arbeidsbøra ekstra stor. Reduksjon av arbeidsdagen var derfor blant dei første og viktigaste krava. I 1915 blei titimarsdagen lovfesta, og allereie i 1919 kom åttetimarsdagen.