Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Kampen mot sjukdommane
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kampen mot sjukdommane

Kampen mot sjukdommane var viktig for nedgangen i dødstala utover på 1800-talet. Arbeidet mot sjukdommar medverka til utviklinga av den moderne staten, som greip inn i stadig fleire sider av menneskelivet. Sjukdommane utfordra samfunnet til å finne mottiltak og menneska til å tilpasse seg.

Dei spedalske – utstøytte frå samfunnet
Spedalsk sjuke eller lepra hadde vore på retur i Europa sidan mellomalderen, men sjukdommen tok seg opp igjen i Noreg på 1700-talet. Særleg mange spedalske var det på Vestlandet. Lepra førte til at kroppen sakte og smertefullt gjekk i oppløysing. Sjukdommen spreidde gru og uhygge og førte med seg umenneskelege lidingar. Ingen visste kva denne sjukdommen kom av, eller korleis han smitta.

Rundt 1850 var det 3000 spedalske i Noreg. Da opna også det første moderne sjukehuset for spedalske i landet, Lungegaardshospitalet i Bergen, og Bergen blei sentrum for kampen mot og behandlinga av lepra. Arbeidet omfatta også registrering, systematikk og orden: I 1856 innførte staten meldeplikt for lepra, slik at distriktslegane måtte sende årlege rapportar over nye smittetilfelle og talet på dødsfall.

Lepra på retur
1857: Spedalske: 2833; Nye tilfelle: 242
1867: Spedalske: 2674; Nye tilfelle: 200
1877: Spedalske: 2058; Nye tilfelle: 122
1887: Spedalske: 1317; Nye tilfelle: 75
1897: Spedalske: 725; Nye tilfelle: 28
1907: Spedalske: 445; Nye tilfelle: 19

Med meldeplikta for lepratilfelle skaffa den moderne staten seg ei oversikt som var nødvendig for kampen mot helseproblem. Slik fekk vi også kjelder som gjer at vi kan følgje utbreiinga av sjukdommen og tilbakegangen av han i Noreg.

Gerhard Henrik Armauer Hansen, lege ved leprasjukehuset i Bergen, oppdaga leprabasillen i 1873. Han var den første i verda som påviste at sjukdommar kan komme av basillar. Arbeidet hans sette fart i dei medisinske oppdagingane. Tuberkelbasillen blei oppdaga i 1882, tyfoidbasillen i 1883, difteribasillen og kolerabasillen i 1884 og stivkrampebasillen i 1886.
På 1880-talet visste ein dermed korleis dei store epidemiske sjukdommane smitta, og det blei mogleg å ta opp kampen mot spreiinga. To lover om spedalsk sjuke, frå 1877 og 1885, sette påbod om smitteverntiltak og internering av spedalske i hospital. Lovene var ei viktig årsak til at lepra blei avgrensa ved at spreiinga blei hindra. Effektiv medisin fanst enno ikkje. Lovene innebar tvang for somme, men fridom frå smitte for mange andre.

Kolera – ein urbaniseringssjukdom
Koppar blei overvunne i Noreg og i store delar av Europa alt før 1850-talet. Koleraepidemiane kom derimot oftare enn før. Koleraen spreidde seg svært raskt over havet frå Asia, Europa og Amerika i samanheng med at handelskontaktane og urbaniseringa auka.

Kolera gjekk ekstra hardt utover den nye og fattige arbeidarklassa i byane. Kolerabasillen blei spreidd med infiserte matvarer, med avføring frå kolerapasientane og med drikkevatnet på stader der dei sanitære forholda var dårlege og mange menneske budde tett. Koleraepidemiane som herja Europa i åra 1830–1870, kom av ureining av drikkevatnet i byane.

Koleraepidemiane var bakgrunnen for mange nye sanitærtiltak frå midten av 1800-talet. Desse tiltaka var typiske moderniseringstiltak. Dei bygde på spesialisert kunnskap og var differensierte i form av utbygging, lovgiving, kontroll og organisering. Det blei bygd ut moderne sanitærsystem som offentlege vassverk og kloakknett i byane og organisert renovasjon frå doar og søppelhaugar. Det kom nye helselover som omfatta spesialiserte tiltak mot smittespreiinga, i form av tvangsinternering av sjuke og rask gravlegging på eigne kolerakyrkjegardar ved byar og ladestader.

Karantenelova frå 1831 sette påbod om 14 dagars karantene for alle skip som kom til hamnene, slik at ein kunne sjå om smitten var om bord. Men lova forseinka varetransporten mellom landa. Derfor blei karantenelova moderert fleire gonger, og det var ei av årsakene til at koleraen stadig kom tilbake. I 1883 blei smittemåten kjend.

Eit viktig kontrolltiltak var den såkalla Sundhedsloven frå 1860. Etter denne lova blei det oppretta helsekommisjonar (no helseråd) i alle kommunar. Kommisjonane skulle jamleg inspisere bustadene til allmugen for å hindre at bustadene blei smittereir for epidemiar. Kampen mot sjukdommane skapte også frivillige foreiningar. Koleraepidemien i Kristiania i 1833 fekk legane i byen til å skipe ei legeforeining. Det same skjedde i andre byar under koleraepidemiar. I 1886 samla legane seg i ein landsdekkjande organisasjon. Dermed kom det fart i den faglege utviklinga på helseområdet.

Slik organisering, først med lokalforeiningar og seinare landsomfattande foreiningar, var karakteristisk også for dei andre frivillige helseforeiningane som kom i gang i dei neste tiåra.

Tuberkulose – ungdomslidinga
Tuberkulosen nådde eit toppunkt i Noreg i åra 1900–1905. Da døydde 6500 menneske av sjukdommen kvart år, og kvart femte dødsfall i landet kom av tuberkulose. Denne sjukdommen gjekk ikkje minst utover barn og unge og var den hyppigaste dødsårsaka blant unge frå 1850 og heilt fram til 1940-åra.

I 1882 oppdaga Robert Koch tuberkelbasillen og at smitten skjedde ved dropesmitte (ved hosting, spytting og nysing), men også gjennom tørre dropar på gjenstandar som den sjuke hadde vore i kontakt med, for eksempel matbestikk, klede, bøker, pengar og skolesaker. Tuberkulosen smitta mellom familiemedlemmer, men også på skolen og i andre offentlege lokale. Særleg i kyrkjene kunne smitteforholda vere ille når folk sat tett saman og hosta, harka og spytta, og der dei delte felles nattverdskalk.

Kampen mot tuberkulosen blei opphavet til hygienerørsla, der det offentlege saman med private foreiningar arbeidde for reinsemd og sunne levevanar, for lys og frisk luft i alle rom, for helseundersøkingar og moderne sjukepleie. I tillegg til utbygging, lovgiving, kontroll og organisering kravde kampen mot tuberkulose også at folk endra vanar. Folk måtte oppsedast. Slik oppstod dei første store haldningskampanjane i Noreg, med plakatar på offentlege stader som sette forbod mot å spytte på golvet. Spyttebakkane blei lanserte som eit stort hygienisk framsteg.

Mykje av det førebyggjande arbeidet var retta mot barn og unge. Dei første tuberkuloseplakatane kom i 1889 og blei hengde opp på alle skolar. Undervisning om tuberkulose og om smittefaren var den første systematiske helseformasjonen som alle norske elevar fekk. I 1899 innleidde Norske Kvinners Sanitetsforening eit stort arbeid mot tuberkulosen gjennom opplysning, sanatorium, tuberkuloseheimar og systematiske helseundersøkingar i skolane.

Noreg fekk i 1900 den første tuberkuloselova i verda. Lova gav pålegg om isolasjon av smittefarlege personar og gav dei første forskriftene om sanitære forhold og om reingjering og lufting i skolar, kyrkjer og forsamlingshus.

Da Wilhelm von Röntgen fann opp røntgenstråleapparatet i 1895, blei apparatet brukt til å påvise tuberkulose ved jamleg skjermbiletfotografering av lungene til skolebarn. Kampen mot tuberkulosen reduserte framfor alt dei store dødstala blant barn og unge.

«Uekte» barn og dødsprosent
Rundt år 1900 blei 8,5 % av alle barn i Noreg fødde utanfor ekteskap. I Sverige og Danmark var talet 10 %, og gjennomsnittet i Europa var 6 %. I offentleg statistikk og på folkemunne blei desse barna kalla «uekte». Mange såg også eit seksualmoralsk problem i dei høge tala. For kvart tredje giftarmål blei det født eit barn utanfor ekteskap.

Å vere «uekte» eller å få eit «uekte» barn innebar både fattigdom og skam. I Kristiania døydde 30 % av dei «uektefødde» barna i det første leveåret i tida omkring 1900, mot berre 13 % av dei «ekte» barna. Rundt 80 % av dei ugifte mødrene i 1900 var arbeidarar – dei fleste av dei var tenestejenter.

Tala over viser kva slags sosiale problem barna og mødrene møtte. I ei tid da ingen testar kunne påvise eit farskap, var kvinner temmeleg utsette, og barna var nærmast rettslause overfor faren og farsfamilien. Det var bakgrunnen for dei nye barnelovene i 1915, som gav alle barn rett til farsnamn og farsarv, og som gav eit særleg vern for barn av ugifte foreldre og av ugifte kvinner som venta barn. No gjekk prosentdelen av «uekte» barn nedover.