Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Portrett  >  Joseph Frantz Oscar Wergeland
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Joseph Frantz Oscar Wergeland – ein vellykka Wergeland

Oscar Wergeland (1815–1895) blei fødd i Kristiansand i 1815. Han var bror til Camilla og Henrik og den einaste av søskena Wergeland som samtida rekna for vellykka og som fekk lovord for det han gjorde i yrket sitt.

Arbeidde for oppløysing av unionen
Oscar Wergeland begynte sin militære karriere i 1830-åra som den tiltrudde og lojale mannen for svenskekongen, men stod 60 år seinare fram som ein sterk talsmann for norsk-nasjonale synspunkt og for oppløysing av unionen med Sverige.

Militær karriere
I 1834 blei Wergeland offiser, i 1868 oberst og kommandant i Kristiansand og i 1880 generalmajor, ei stilling han heldt til han gjekk av i 1894.

Kartla landet
Oscar Wergeland var også ein framifrå kartteiknar og topograf, og han påverka både nasjonsbygginga og vitskapsutviklinga gjennom kartlegginga av landet. I 1839 gjekk han inn i ein avtale med Oppmålinga om reproduksjon av amtskart på kopar. Med kongeleg støtte hadde han utdanna seg i faget i Paris. I 1859 var ”Den geographiske Opmaalings Kobberstikkeri" ein realitet, og fram til ca. 1950 blei alle hovudkartseriar reproduserte på kopar.