Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Portrett  >  Rallarane - mennene som bygde jernbanen
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Rallarane - mennene som bygde jernbanen

Ordet "rallar" er eit låneord frå svensk. Sjølv kalla dei seg "slusk" eller "bus". Dei fleste rallarane var rekrutterte frå underklassa i norske bygder, men det var også mange svenske anleggsarbeidarar.

Isolert samfunn
Flyttinga isolerte anleggsarbeidarane frå samfunnet elles. Det gav opphav til ein særeigen kultur. Slusken skilde seg frå samfunnet rundt, i klesdrakt, språk, stil og i kulturelle ytringar som rallarvisene. Innetter gjaldt normer om å vere reale, og solidaritet og hjelpsemd overfor arbeidskameratane.

Hardt, men fritt liv
Det var eit særs mannsdominert samfunn. Kvinnene som jobba der, var eine og åleine kokker, og dei fekk også kjenne på det harde livet. Anleggsarbeidet var ofte fagarbeid og sjølve arbeidssituasjonen var heller fri, noko som skapte byrgskap over yrket og sjølvkjensle.

Når blodslitet blir gløymt
Mange stader var rallarane derfor pionerar i arbeidarrørsla. Kriseåra råka rallarane særleg hardt, og den eigentlege rallartida var slutt omkring 1920. Etter kvart som blodslitet har blitt gløymt, har det komme eit romantisk drag over forteljingane om det strabasiøse livet.