Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Portrett  >  Lars Levi Læstadius
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Lars Levi Læstadius – svensk prest og botanikar

Lars Levi Læstadius (1800–1861) var ein svensk prest og botanikar. Han hadde sitt prestearbeid blant samane i Nord-Sverige. Den største utfordringa var brennevinsproblematikken. Problemet var ikkje berre at samane drakk, men at prestane også gjorde det.

Med språket som verkemiddel
Vekkinga blant samane fekk først fart etter at Læstadius hadde hatt ei avgjerande åndeleg oppleving i 1884. Opplevinga blei utløyst av dei enkle orda frå samejenta Maria om vegen til frelse. For at folket skulle forstå bodskapen, brukte Læstadius eit kraftig språk slik samane elles var vande til.

Kautokeinoopprøret
Vekkinga spreidde seg med samane over landegrensa til Noreg. Først og fremst kom ho til Kautokeino og fjordbygdene i Troms og Finnmark. Dei samane som var blitt omvende, reagerte kraftig på livsførsla til prestane. I 1852 gjorde samane i Kautokeino opprør. Handelsmannen og lensmannen blei drepne, og fleire samar blei dømde til fengsel på livstid eller til døden. To av dei, Aslak Hætta og Mons Somby, blei halshogde.

Framleis levande
Læstadianismen er utbreidd i Noreg den dag i dag. Rørsla finst stort sett i Nord-Noreg, og i dag består ho av mange retningar.