Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Portrett  >  Gina Krog
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gina Krog – arbeid for kvinnesak på heiltid

Gina Krog (1847–1916) var lærar, men i 1884 gav ho opp dette til fordel for kvinnesaka. Ho hadde då skrive om kvinnesak i dagspressa i fire år.

Stifta Norsk Kvindesagsforening
Same året stifta ho saman med Hagbard E. Berner Norsk Kvindesagsforening, og blei vald inn i det første styret. Frå 1887 gav foreininga ut bladet ”Nylænde” som Gina Krog redigerte til ho døydde.

Trakk seg tilbake og stifta ny forening
I 1885 skipa ho Kvindestemmeretsforeningen, der ho var formann inntil ho drog seg attende i 1897, fordi fleirtalet i foreininga gjekk inn for ein taktikk i røysterettskampen som ho ikkje kunne støtte. I 1898 stifta Krog Landskvindestemmeretsforeningen saman med Fredrikke Marie Qvam.

Delegat for den norske regjeringa
Det var Landskvindestemmeretsforeningen som stod bak organiseringa av kvinneoppropet med 279 878 underskrifter til støtte for unionsoppløysinga i 1905. Ho stifta også Norske Kvinners Nasjonalråd i 1904, der ho var leiar til ho døydde. Gina Krog tok også del i fleire internasjonale kvinnesaksmøte, ofte som delegat frå den norske regjeringa. Gina Krog blei tidleg medlem i partiet Venstre, og blei vald som vararepresentant til landsstyret i 1909.


Bilete: http://www.leksikon.org/art.php?n=1506