Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  I kyrkjer og på bedehus
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

I kyrkjer og på bedehus – mennene taler og kvinnene lyttar

Kritikk av statskyrkja frå den radikale intelligensiaen
Den norske statskyrkja blei mot slutten av 1800-talet kritisert frå to hald. På den eine sida stod dei vi kan kalle den radikale intelligentsiaen. Det var vitskapsfolk, kunstnarar og akademikarar som var påverka av radikale idear frå Europa og USA. Mange av dei var påverka av Darwins utviklingslære og hadde eit naturalistisk menneskesyn, og dei hadde liberale tankar om fridom for menneska, ikkje minst for kvinnene. Dei kritiserte statskyrkja for å vere autoritær og reaksjonær og for å halde folket fast i fordommar og kunnskapsløyse. Det var ikkje mange av dei trufaste kyrkjegjengarane som var påverka av denne kritikken frå radikalt hald. Tvert imot – mange slutta sterkare opp om kyrkja som den viktigaste forsvararen mot slike farlege og nedbrytande idear.

Kritikk av statskyrkja frå bedehusrørsla
Meir alvorleg var det med den kritikken som kom frå bedehusrørsla. Bedehusfolket kritiserte statskyrkja for å vere overflatisk og lunken i religiøse spørsmål. I bedehusmiljøa ville ein ha større innleving og kjensler med i kristendomsforkynninga, og ein la avgjerande vekt på den personlege omvendinga. Bedehusa drog folk til seg. Særleg i visse delar av landet var bedehusa ein viktig konkurrent til kyrkja, sjølv om mange gjekk begge stader.

Kvar var kvinnene?
I kyrkja var det sjølvsagt utenkjeleg med kvinnelege forkynnarar, men i bedehusrørsla fekk kvinnene i starten større fridom. Ein viktig del av bedehusrørsla var misjonsverksemda, og her var det ofte kvinner som var den drivande krafta. Det blei skipa kvinneforeiningar som skulle arbeide for kristen misjon, og i desse foreiningane var det ofte kvinner som forkynte Guds ord til medsystrene sine. Det var også mange kvinner som blei sende ut som misjonærar. Men ved overgangen til 1900-talet, da dei landsomfattande misjonsorganisasjonane fekk meir makt, snudde utviklinga. Da var det menn, ofte utdanna teologar, som blei leiarar, og som skulle stå for forkynninga.