Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Landet blir opna
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Landet blir opna

Frå de eldste tider har sjøtransport vore viktigare for menneska enn landtransport. Skulle ein transportere større mengder av noko, var båtar og sjøen mykje betre eigna enn små vogner på skrøpelege vegar. Sjølv om romarane bygde ut eit nett av brukbare vegar i deler av Europa, var sjøvegen den langt viktigaste transportåra, og ho fekk ikkje verkeleg konkurranse før jernbanen blei utvikla på 1700- og 1800-talet.

Sjøtransporten held stand
Noreg hadde spesielle problem når det gjaldt transport til lands. Fjordar, fjell og bratte og tronge dalar gjorde det ikkje lett å transportere tyngre ting over land. Ein hesterygg kan ikkje ta meir enn han toler. Sjøvegen var derfor den vegen nordmenn brukte når dei skulle langt av garde. Det var lettare og raskare å dra sjøvegen frå Bergen til Trondheim enn over land. Og skulle ein frakte større mengder, var båtfrakt mykje betre enn hest og vogn.

Norskekysten eignar seg godt som transportåre. Langs det meste av kysten kan ein segle innaskjers, godt verna mot vind og hav av ei kjede av øyar. Men på strekningar som Stadhavet på Vestlandet og Lopphavet i Finnmark var det ingen øyar, og seglferda utaskjers kunne vere farleg i dårleg vêr. Vinterstormar og opne havstrekningar langs kysten gjorde sjøtransporten farefull.

Sjøtransporten tok dessutan lang tid, også etter at dampskipa kom. Å reise med båt frå Trondheim eller Bergen til hovudstaden var ei langferd som ikkje var unnagjord på få dagar. Det var derfor ikkje rart at tanken om å byggje jernbane og vegar kom også i Noreg på 1800-talet.Men heller ikkje det var lett. Fjordar, fjell og bratte dalsider gjorde det vanskeleg for veg- og jernbanebyggjarane.

Bygging av jernbanen
Jernbanelinja frå hovudstaden til Trondheim var ferdig i 1877 og gjekk gjennom Østerdalen. Ho baud på overkommelege problem for ingeniørane. Verre var det med jernbanen frå Kristiania til Bergen, som måtte leggjast over den vêrharde og snørike Hardangervidda, opp i 1200 meters høgd. Her var det mang ein jernbanerallar som fraus helsa av seg.

Vegbygging
Vegbygging var kanskje ei enda større utfordring for ingeniørane, særleg på Vestlandet. På biletet ser vi vegen frå Odda til Røldal.

Trass i jernbane og vegar blei sjøvegen den viktigaste ferdselsåra for store delar av landet. I Nord-Noreg og på Vestlandet er det så mange øyar og fjordar at ein var avhengig av sjøtransport heilt opp til våre dagar. Fjordabåtane, slike som den vi ser på biletet, var eit omgrep langs kysten. Dei frakta alt og kom også om det var dårleg vêr. Seinare, da vegnettet blei betre utbygd, blei mange fjordabåtar bytte ut med ferjer, og i dag kan ein komme fram nesten overalt med bilar og bussar over bruer.