Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Kamp mot umoral
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kamp mot umoral

Nattefrieri
Skikken med nattefrieri var vanleg utover landsbygda. Særleg populært var det å oppsøkje jenter som var budeier på setrane. Sidan skikken kunne føre til seksuelt samvær mellom ugifte, fordømde kyrkja denne folkelege skikken, særleg etter at pietismen gjorde seg gjeldande på 1700-talet. Det er likevel lite truleg at fordømminga frå kyrkja hadde nokon særleg verknad. Den første samfunnsforskaren her i landet, Eilert Sundt (1817–1875), som reiste rundt og undersøkte skikkar og vanar utover bygdene, skriv at skikken med nattefrieri var utbreidd på midten av 1800-talet.

Gapestokken
Det var ikkje uvanleg at barn blei fødde før foreldra var blitt gifte. Blant vanlege folk blei det ikkje rekna som ei stor ulykke, berre dei to gifta seg. Men fødde ei kvinne barn utan å bli gift etterpå, var det ein situasjon som både blei fordømd og som var vanskeleg. Var ho i teneste, måtte ho gjerne gå frå tenesta, og ei ugift mor hadde store problem med å livberge seg og barnet. Seksuell omgang utanom ekteskapet har alltid blitt fordømt av kyrkja, og var dessutan straffbart etter lova. På 1600- og 1700-talet blei staten og kyrkja i større grad enn før ein offentleg oppsedar, og talet på sedskapssaker auka. Sakene galdt stort sett seksuell omgang og barnefødslar utanfor ekteskap.

Dans er synd
Både pietismen og dei religiøse vekkingsrørslene på 1800-talet stilte seg negativt til mykje av det som var ein del av den folkelege tradisjonen. Det galdt også folkemusikk og dansetilstellingar. Fela blei kalla «djevelens instrument», og lokkande feletonar som oppmoda til dans, forførte ungdommen til villskap og erotikk.

Forbod mot fri brenning av brennevin
Alkoholforbruket var høgt på 1600- og 1700-talet, både i by og bygd. Og da det i 1816 blei fritt høve til å framstille brennevin av poteter, auka brennevinsforbruket kraftig. I 1840 var det 1387 brennevinsbrenneri i Noreg. Så sterk var auken at det kom ein reaksjon. Det blei skipa måtehaldsforeiningar i 1830-åra, og i 1845 blei den første totalfråhaldsforeininga skipa. Også styresmaktene endra alkoholpolitikken. I 1848 kom ei lov som oppheva retten til fri brenning av brennevin, og talet på brenneri gjekk ned til 40 i 1850.