Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Kampen mot fylla
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kampen mot fylla

Fylla som kulturelt problem
Skoleverket la vekt på å oppsede elevane til eit helsesamt liv, fordi alkoholen var nedbrytande for kroppen og hemma læring og utvikling. Bedehusfolket meinte at alkoholen var ein hjelpar for Djevelen, fordi eit menneske i alkoholrus kunne gjere ting som alvorlege kristne rekna som synd.

Frilynte ungdomslag
I dei mange nye frilynte ungdomslaga som blei skipa frå 1870-åra og utover, gjekk somme inn for måtehald, andre kjempa for totalt fråhald. Målet til ungdomslaga var å fremje norsk kultur og tradisjon i kultiverte og moderne former, som ei motvekt til det gamle samfunnet, der fyllefestar hadde slagsmål som viktigaste underhaldning. Kjennskap til kulturarven og tryggleik på dansegolvet skulle gi moderne ungdom den sjølvtilliten som dei ukultiverte måtte drikke seg til. I idrettslaga stod gamle norske idrettar som skihopp og langrenn, skøyteløp og skyting sentralt. Moderne gutar skulle kjekke seg med dristige svev i skibakken, ikkje ved å rave rundt med flaska.

Fylla som sosialt problem
Arbeidarrørsla kjempa mot fylla som eit sosialt og politisk problem. Bygdefylla var for det meste ei fest- og høgtidsfyll, ved at sjølvforsynte folk brygde og brende til høgtidene. Men i byane og ved industri- og anleggsmiljøa var det ei meir jamn kvardags- og heilårsfyll. Skulle arbeidarane kunne kjempe for høgare lønn og for rettar og skikkelege arbeidsforhold, var kampen mot kvardagsfylla viktig. Arbeidarar som skulle stille krav, forhandle og få respekt for arbeidet sitt, måtte vere edrue og ha folkeskikk og disiplin. Men ikkje alle fagorganiserte var like konsekvente.

Fyll og familieliv passar ikkje saman
Kvinneorganisasjonane kjempa mot alkoholen som sosialt problem. Det var menn som drakk mest, oftast og tettast. Men problema som følgde med – aggresjon, valdsbruk, sosial nød og manglande vilje til ansvar – gjekk sterkast utover kvinner og barn. I det patriarkalske samfunnsmønsteret skapte denne situasjonen store problem. Eit vanleg råd til unge kvinner var: Pass på at du får ein mann som ikkje drikk!

Fyll og arbeid passar ikkje saman
Alkoholbruken var også på retur i det moderne arbeids- og yrkesmønsteret. Å passe maskinar, føre tog eller dampbåt, undervise, telegrafere, ekspedere i butikk eller halde ein tidsplan var vanskeleg og uakseptabelt i rusa tilstand. I det gamle samfunnet, med enklare reiskapar og enklare arbeid, var ikkje alkoholen like øydeleggjande for folk i arbeidet.

Kampen for edruskapen på 1800-talet og det meste av 1900-talet var ei moderniseringsrørsle. Kampen blei ført av folk som ønskte ei forandring til det betre, og som såg at der det var fyll, var det lite framsteg.