Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  10 (Det unge norske demokratiet)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Krig?
   
  10. DET UNGE NORSKE DEMOKRATIET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Krig?

Krig mellom Noreg og Sverige? Det høyrest usannsynleg ut for oss i dag. Men Noreg og Sverige har vore i krig med kvarandre fleire gonger, og det var nær ein krig også i 1905. Den svenske kongen ville ikkje gi slepp på Noreg heilt utan kamp. Korleis såg eigentleg svenskane på unionsoppløysinga? Var det ein reell fare for krig? Dette kan du lese om på nettstadene under.
  1. Kva var årsakene til at Noreg og Sverige førebudde seg på krig i 1905?
  2. Korleis var det norske militæret organisert og rusta i åra før 1905?
  3. Korleis førebudde Noreg og Sverige seg på krig?
  4. Kva var Karlstadforhandlingane og kva blei resultatet av desse forhandlingane?
  5. Korleis stilte andre land seg til krisa mellom Noreg og Sverige?
  6. Kvifor blei det ikkje krig i 1905?
  7. Bruk det historiske materialet du finn på nettstadene under «Kilder på nett». Kva fortel dette historiske materialet om forholdet mellom Noreg og Sverige, om stemninga i folket og om kvifor det ikkje blei krig? Gi ei vurdering av nytten av dette historiske materialet som kjelder til unionsoppløysinga. Bruk gjerne kjeldegranskingsskjemaet på side 8 i Arbeidsportal som støtte i vurderingsarbeidet.

Nettstader:

http://www.nb.no/baser/1905/tema_mili.html
Artikkel om militæret i 1905.

http://www.nb.no/baser/1905/tema_reak.html
Artikkel om Sverige og 1905.

http://www.nb.no/baser/1905/tema_krig.html
Artikkel som drøftar kvifor det ikkje blei krig.

http://www.nb.no/baser/1905/tema_karlstad.html
Om Karlstadforhandlingane.

http://www.nb.no/baser/1905/tema_union.html
Artikkel om stormaktene sitt syn på unionssaka.