Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  10 (Det unge norske demokratiet)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Nasjonalismen i 1905
   
  10. DET UNGE NORSKE DEMOKRATIET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Nasjonalismen i 1905

Nasjonalismen dominerte i Europa på 1800-talet. Nasjonalismen i Noreg blomstra opp etter 1814. Fram mot unionsoppløysinga i 1905 var det viktig å framstille Noreg som eit eige land. Dette gjorde ein ved å fokusere på vår stormaktstid i vikingtida og høgmellomalderen, norsk natur, folkemusikk, eit eige norsk språk osb. Den norske nasjonalismen var på sitt høgaste rundt unionsoppløysinga.

Under finn du ein del ulike tekstar og bilete frå 1905 som alle seier noko om nasjonalismen i Noreg. Bruk desse og svar på oppgåvene.
  1. Bruk det historiske materialet du finn på nettstadene under og gjer greie for kva rolle nasjonalismen spelte for unionsoppløysinga i 1905. Du bør komme inn på korleis den norske og den svenske nasjonalismen arta seg, kven som var drivkreftene bak nasjonalismen og kva for verknad han hadde.
  2. Det historiske materialet under finn du på nettstaden som er laga av den norske staten for hundreårsmarkeringa for 1905. Trur du det speler noka rolle for utvalet av kjelder at organisasjonen Hundreårsmarkeringen står bak? Var hundreårsmarkeringa av unionsoppløysinga i 2005 nasjonalistisk?