Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  10 (Det unge norske demokratiet)   >  Portrett  >  Johan Sverdrup
   
  10. DET UNGE NORSKE DEMOKRATIET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Johan Sverdrup – rask politisk karriere

Johan Sverdrup (1816–1892) var sakførar. Han starta den politiske karrieren sin som ordførar i Larvik i 1849. To år seinare møtte han for første gongen på Stortinget.

Fengjande talar, dyktig taktikar
Som stortingspolitikar utvikla han seg til å bli ein av dei mest framståande politiske førarane i noregshistoria. Ingen kunne som han fengje tilhengarane og overtale andre, og han meistra det taktiske spelet til det fullkomne. Sverdrup ønskte å styrkje makta til Stortinget, og den politiske bodskapen hans var folkestyre, nasjonalt sjølvstende og kamp mot embetsmennene.

Leiar i Venstre
Det var Sverdrup som blei leiar i kampen for parlamentarismen. I 1869 innleidde han samarbeid med føraren for bondeopposisjonen, Søren Jaabæk. Da Noregs Venstreforeining var stifta i 1884, blei Sverdrup den første leiaren, og etter riksrettsdommen i 1884 og avgangen til aprilministeriet skipa Sverdrup ei venstreregjering i juni 1884.

Måtte gå av som statsminister
Regjeringa gjennomførte mange viktige reformer. Ved splittinga av Venstre i 1885 følgde Sverdrup Moderate Venstre, som leid nederlag ved valet i 1888, og Sverdrup gjekk av som statsminister i 1889.