Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  10 (Det unge norske demokratiet)   >  Portrett  >  Oscar 2.
   
  10. DET UNGE NORSKE DEMOKRATIET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Oscar 2. – Europas mest opplyste monark

Oscar 2. (1829–1907) var son av Oscar 1. og overtok trona etter broren Karl 4. i 1872. Han var utdanna marineoffiser, men dreiv også omfattande humanistiske studium og blei i si samtid omtalt som "Europas mest opplyste monark".

Krona i Stockholm og Trondheim
I 1857 gifta han seg med prinsesse Sophie av Nassau og paret fekk fire søner. Kort tid etter at Oscar og Sophie hadde teke over som kongepar, blei dei krona, først i Stockholm og sidan i Trondheim. Som konge løyste han dei sterke banda til Frankrike og kom til forståing med Tyskland. Ingen av Bernadotte-kongane var meir i Noreg enn Oscar 2.

Kjende seg bunden til Noreg
Han skreiv og snakka godt norsk, og han kjende seg ekte og sterkt bunden til Noreg. Oscars regjeringstid starta lovande då han sanksjonerte vedtaket i Stortinget om å oppheve statthaldarembetet. Seinare kom Oscar 2. i strid med Stortinget fleire gonger, og han tok den aukandende radikaliseringa og unionsskepsisen i Noreg – og til slutt unionsoppløysinga – personleg og tungt.

Viktig for fredeleg løysing
At han til trass for dette viste atterhald i 1905, var ein viktig grunn til at konflikten blei løyst på ein fredeleg måte.