Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  11 (Den store krigen)   >  Portrett  >  Gavrilo Princip
   
  11. DEN STORE KRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gavrilo Princip – sendt til Sarajevo med pistol og sprengstoff

Gavrilo Princip (1894–1918) var ein 19 år gammal tuberkuløs gymnasiast frå Bosnia som blei rekruttert av ei lita serbisk nasjonalistisk gruppe som kalla seg Den svarte handa.

Sendt til Sarajevo med pistolar og sprengstoff
Målet til gruppa var å samle alle sørslavarar i eitt rike. Leiaren organiserte ei lita gruppe på seks unge menn i Beograd, skaffa dei pistolar og sprengstoff og sende dei til Sarajevo for å utføre attentatet på erkehertugen. 28. juni 1914 venta dei seks på hertugparet, gøymde i folkemengda langs kjøreruta.

Ikkje som planlagt
Men lite gjekk som planlagt. Ein av dei fekk rettnok kasta ei bombe, men ho trefte ikkje målet. Ein annan blei klemd inne i folkemengda, og ein blei ståande så nær ein politimann at han rett og slett ikkje våga å gjere noko. Ein fekk akutte samvitskvalar med tanke på den unge hertuginna, og femtemann mista motet heilt.

Gav opp, men fekk ein ekstra sjanse
Gavrilo Princip var også i ferd med å gi seg, og hadde sett seg motlaus på ein fortauskafé då vogna til hertugparet brått stoppa rett utanfor kafeen. Princip sprang til og fyrte av dei skota som har vorte så vidgjetne. At han i det heile råka, var oppsiktsvekkjande nok i seg sjølv – han hadde berre skote med pistolen ein gong før, og då utan å treffe skyteskiva. Gavrilo Princip døydde i fengsel i 1918.