Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  11 (Den store krigen)   >  Portrett  >  Karl Liebknecht
   
  11. DEN STORE KRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Karl Liebknecht – drepen for haldningane sine

Liebknecht (1871–1919) var sonen til ein av grunnleggjarane av den marxistiske sosialismen i Tyskland. Frå 1905 var Liebknecht aktiv på venstresida i det tyske sosialdemokratiske partiet saman med m.a. Rosa Luxemburg og Clara Zetkin.

«Ned med regjeringa! Ned med krigen!»
Antimilitarismen var den viktigaste politiske plattforma til Liebknecht. I 1907 gav han ut brosjyren «Militarisme og antimilitarisme» som førte til fengselsstraff i 18 månader.

I desember 1914 var han einaste medlem av Riksdagen som røysta mot krigsløyvingane, og i 1916 tok han og andre krigsmotstandarar initiativ til ein bulletin og ein 1. mai-demonstrasjon med slagorda: «Ned med regjeringa! Ned med krigen!»

Ein sosialistisk repuplikk
Liebknecht fekk to år i fengsel. Etter frigjevinga var han med på å proklamere ein sosialistisk republikk i Berlin (09.11.1918), samtidig med at høgresosialdemokratane gjorde ein tilsvarande framstøyt.

Drepen for haldningane sine
For å ta opp kampen skipa han og Rosa Luxemburg i januar 1919 «Det tyske kommunistiske Partiet». Fjorten dagar seinare blei dei myrda av kontrarevolusjonære offiserar – om ikkje etter ordre frå sosialdemokratane, så iallfall med deira stillteiande samtykke.