Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  11 (Den store krigen)   >  Portrett  >  Woodrow Wilson
   
  11. DEN STORE KRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Woodrow Wilson – godt skolert politikar

Woodrow Wilson (1856–1924) blei fødd i Virginia, USA. Han studerte historie og statsvitskap og blei professor i rettsvitskap. I ein periode var han også rektor ved Princeton.

Blei president
Politisk engasjerte han seg for demokratane og blei guvernør i New Jersey. I 1912 blei Wilson USAs 28. president, primært på grunn av innanriksprogrammet sitt. Som president fekk han gjennom eit nytt skattesystem som gjorde at dei rike måtte betale meir, og reduserte tollsatsane slik at dei møtte auka konkurranse frå Europa.

Mekla i krigen
Men det blei utanrikspolitikken som skulle komme til å engasjere han mest. Ved den første verdskrigen i 1914 melde han USA som nøytral. Han prøvde tidleg å mekle mellom dei krigførande, men utan å lykkast. I 1917 måtte Wilson gi etter – han såg Tyskland som ein reell trussel for sivilisasjonen.

Fekk Nobels fredspris
I 1919 fekk Wilson, etter store usemjer, Nobels fredspris for å ha gått ut av isolasjonen og retta fram handa til Europa, og for sin innsats for skipinga av Folkeforbundet. Men det republikanske fleirtalet i Senatet hindra at USA gjekk med i forbundet.