Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  11 (Den store krigen)   >  Portrett  >  Alfred von Schlieffen
   
  11. DEN STORE KRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Alfred von Schlieffen – sjef for den tyske generalstaben

Alfred von Schlieffen (1833–1913) var sonen til ein prøyssisk general og blei sjølv seinare offiser. Schlieffen tok del i krigen mot Austerrike-Ungarn i 1866 og i krigen mot Frankrike i 1870–1871. Frå 1891–1906 var han sjef for den tyske generalstaben.

Arkitekten bak den tyske strategien
Den tyske strategien ved krigsutbrotet i 1914 var basert på planen hans, som gjekk ut på å sigre over Frankrike før den russiske mobiliseringa var fullført, slik at alle ressursane deretter kunne setjast inn på austfronten. Planen oversåg nøytraliteten i Belgia og Nederland.

Planen svikta
Då krigen braut ut, blei planen sett i verk i ei modifisert form, men fleire faktorar medverka til at han svikta:
  • manglande tysk mobilitet
  • auka russisk mobilisering
  • effektiv fransk motstand
Og ikkje minst den motviljen som etterfølgjaren til Schlieffen, Helmuth von Moltke, hadde mot å redusere troppane i aust. Schlieffen døydde i Berlin i 1913.