Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  11 (Den store krigen)   >  Portrett  >  Leo Trotskij
   
  11. DEN STORE KRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Leo Trotskij – farlege aktivitetar

Lev Davidovitsj Bronstein (1879–1940), betre kjend som Leo Trotskij, var av jødisk opphav. Han blei involvert i revolusjonære undergrunnsaktivitetar som tenåring og blei raskt arrestert og fengsla.

Flykta frå Sibir og blei bolsjevik
Trotskij blei dømd til forvising i Sibir, men flykta og heldt i mesteparten av dei neste femten åra til utanlands, mellom anna som krigskorrespondent på Balkan. Trotskij var opphavleg ein av mensjevikane, men etter revolusjonen i februar 1917 drog han tilbake til Russland og blei ein av nøkkelpersonane i maktovertakinga til bolsjevikane.

Utmanøvrert og deportert
Trotskij blei deretter folkekommissær for utanrikssaker. Seinare blei han krigskommissær, og han organiserte Den raude hæren under borgarkrigen som følgde. Trotskij såg seg sjølv som Lenins etterfølgjar, men etter at Lenin var død, blei han utmanøvrert av Stalin og deportert frå SSSR i 1929.

Myrda i Mexico
Etter å ha levd i eksil i Tyrkia og Frankrike, fekk han opphaldsløyve i Noreg i 1935, men blei i 1936 utvist til Mexico der han heldt fram med å kritisere Stalin. Under Moskva-prosessane blei han dømd til døden in contumaciam, og i 1940 blei han myrda i heimen sin i Mexico by.