Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  11 (Den store krigen)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  11. DEN STORE KRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Forteljingar frå skyttargravene

Mange skreiv ned opplevingane sine under krigen; soldatane ved fronten, sjukepleiarane som stelte dei såra, kvinnene som sende sønene og mennene sine ut i krigen. Dei skreiv dagbøker og brev, og memoarar i åra etter krigen. Under kan du lese to slike augevitneskildringar frå fronten.

A Kva fortel tekstane om forholda ved fronten?
B Kor pålitande er desse tekstane som historiske kjelder?


Kjelde 1: Fritz Kreisler, offiser i den austerrikske hæren

Russarane hadde etterlate mange døde på slagmarka, og i piggtrådsperringane som vi hadde laga for å hindre framrykkinga deira, låg kroppane deira i haugar oppå kvarandre, mest som dei skulle vore høysåter. Vi kunne sjå dei små Raude Kross-laga på slagmarkene klatre over dei groteske gravhaugane, mens dei prøvde å skilje dei skadde frå de døde for å gi dei førstehjelp. Entusiasmen forsvann brått i møte med dette synet. (…) Nattestilla blei berre broten av låg stynjing frå dei såra. Lyden var grufull i sin fælslege monotoni. (…) Det er underleg kor fort ei kvar form for luksus, kultur, raffinement, faktisk alle komfortable aspekt ved tilværet, som ein hadde sett på som ein viktig del av livet sitt, blir gløymde og ikkje eingong sakna. Hundreåra renn av ein, og ein blir eit urtidsmenneske, ein holebuar, på utruleg kort tid. Eg gjekk i einogtjue dagar utan å ta av meg kleda, sov på vått gras eller i leire, eller i sumpen. (…) Ingenting plagar ein. (…) Ein tannkost var utenkjeleg. Vi åt instinktivt, når vi hadde mat, med hendene. (…) Vi såg alle ut som lurvete, magre ulvar, eit resultat av å leve på nærmast ingenting. Eg hugsar at eg ein gong gjekk utan mat i meir enn tre dagar (…) og mange gonger måtte vi sleike dogga frå graset i mangel på vatn. Ein viss villskap stig opp i ein, ei total likesæle til alt utanom di plikt til å slåst. Du et ei skorpe brød, og ein mann blir skoten i hel ved sida av deg i skyttargrava. Du ser roleg på han ein augeblink og held fram med å ete brødet. Kvifor ikkje? Det er ingenting å gjere? Til slutt snakkar du om din eigen død med like lite affekt som om det var ein lunsjavtale. Det er ingenting igjen i tankane dine anna enn det faktum at hordar av menn, som du hører til, slåst mot andre hordar, og di side må vinne.

Frå Fritz Kreisler. Four Weeks in the Trenches. Houghton Mifflin Company, 1915. Henta frå nettstaden Humanities and Social Science Online, 2003 (omsett av forfattarane).


Kjelde 2: Malcom Grow, amerikanar som tente som militærlege i den russiske hæren

Da Metia og eg nærma oss skyttargravene, såg eg framfor meg noko som såg ut til å vere ei virvlande tåkesky som rulla ned mot oss. Ho var berre om lag femti fot (= 15 meter) høg og rørte seg sakte, som om ho flaut over bakken med ei buktande rørsle.

Eg forstod med ein gong kva det var og skreik til Metia at han måtte ta på gassmaska, mens eg gjekk i gang med å ta på mi eiga. Dersom du pustar inn gassen, er det som regel dødeleg. Eg hadde berre så vidt fått maska på plass da eg blei omringa av den gule dampen, og eg hørte eit grufullt skrik og ei kolossal hosting (…) Eg snudde meg og såg Metia på bakken. Han vrei seg som ei hovudlaus høne. Eg sprang tilbake til han og prøvde å løfte han frå bakken og ut av gassen, men det var for seint. (…) Han hadde ikkje fått på seg maska. (…) Dusinvis av menn låg rundt omkring på botnen av skyttargravene. Dei fleste var døde, men nokre få heldt på å bli kvelte og pusta med uhyggjelege, rallande lydar. Da eg lyste på dei vrengde ansikta deira, såg eg at det kom grøn-kvit frode frå munnen på dei. Med hjelp av mine overordna tok vi til å dra dei stakkars vraka ut av hola der dei hadde omkomme som rotter i ei felle.

Frå Dr Malcolm Grow. Surgeon Grow. Frederick A. Stokes Company Publishers, 1918. Henta frå nettstaden University of Kansas, 2003 (omsett av forfattarane).