Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  11 (Den store krigen)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Ny krigsteknologi
   
  11. DEN STORE KRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Ny krigsteknologi

Mykje pengar til våpen
Rustingskappløpet i Europa gjorde at militærbudsjetta auka kraftig. Det var Tyskland som brukte mest pengar, men dei andre landa måtte følgje etter. Det var ikkje berre om å gjere å ha flest mann under våpen eller flest krigsskip. Vel så viktig var det å ha dei beste våpna, det vil seie dei mest drepande og effektive.

Maskingevær og gass
Da krigen var kommen i gang, gjorde skyttargravskrigen at begge partar satsa på å utvikle langtskytande og høgtflygande artilleri og rasktskytande maskingevær. Med artillerikanonar kunne ein skyte ned i skyttargravene, og når tusenvis av soldatar blei kommanderte opp av skyttargravene og skulle rykkje fram over ope terreng, var maskingeværet ein effektiv drapsmaskin. Det mest frykta våpenet var likevel gass. Det blei utvikla krigsgassar som utsette soldatane for langdregen kveling. Gass var eit usynleg, lydlaust og etter kvart også luktlaust våpen.

Ubåtar
Både på landjorda, på sjøen og også i lufta var det om å gjere å utvikle raske stridsvogner, båtar og fly, jamvel om flyteknikken var kommen for kort til at fly blei eit mykje brukt våpen. Men på sjøen utvikla særleg Tyskland ubåtane, eit frykta våpen. Ubåtane var ikkje farlege berre for fiendtlege krigsskip, men også for sivile lasteskip. Og etter at Tyskland erklærte uavgrensa ubåtkrig og også senka skip frå nøytrale land, var ingen som frakta varer eller våpen sjøvegen til Storbritannia, trygg for angrep.