Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  12 (Noreg - "den nøytrale allierte")   >  Portrett  >  Gunnar Knudsen
   
  12. NOREG - "DEN NØYTRALE ALLIERTE"
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gunnar Knudsen – sterk og myndig reformator

Gunnar Knudsen (1848–1928) var skipsreiarson, og overtok reiarlaget etter faren i Gjerpen i Telemark. I tillegg dreiv han gardsbruk og fleire industrikonsern. Han var altså ein svært velståande mann, men det er politikar han er best kjend som.

Gjekk av i protest
Han var Venstre-mann og blei vald inn på Stortinget i 1891. Frå 1901 var han minister i den svensk-norske regjeringa. I 1905 blei Knudsen finansminister i samlingsregjeringa, men gjekk av i protest mot kongevalet. Han var republikanar.

Rasjonering og alkoholforbod
I 1908 blei han statsminister for første gongen, og i 1913 skipa han si andre regjering. Den økonomiske krisa under den første verdskrigen skapte problem. Det blei sett i verk fleire tiltak under Knudsens regjeringsperiode, mellom anna:
  • prisreguleringar
  • kornimportmonopol
  • rasjonering
  • alkoholforbod i 1917
Sterk og myndig reformator
Regjeringa hans stod også bak fleire sosiale reformer, så som barnelovene, lov om sjuketrygd og arbeidarvern. Knudsen var ein sterk og myndig leiar, og han kom i konflikt både med opposisjonen i Stortinget og sine eigne statsrådar og partifeller. Knudsen var leiar i Venstre fram til 1927.