Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  12 (Noreg - "den nøytrale allierte")   >  Portrett  >  Fridtjof Nansen
   
  12. NOREG - "DEN NØYTRALE ALLIERTE"
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Fridtjof Nansen – mangfaldig prisvinnar

Fridtjof Nansen (1861–1930) var ein mann med mange talent. I Noreg er det polarhelten vi ser best, mens flyktningar og folk som er råka av svolt, kjenner til Nansen-passet, Nansen-hjelpa og fredsprisvinnaren.

Lenger nord enn nokon annan
Fridtjof Nansen tok doktorgraden på oppbygginga av sentralnervesystemet, ei revolusjonerande avhandling. I 1888 gjekk han på ski over Grønland og i 1893 leidde han Fram-ekspedisjonen og prøvde å nå Nordpolen. Han kom nesten fram, og lenger nord enn nokon annan før han.

Nasjonalhelt og kjendis
Polarferdene gjorde Nansen til ein nasjonalhelt i Noreg, og han blei også internasjonal kjendis som den mest kjende polarforskaren i tida. Frå 1915 var han leiar for Noregs forsvarsforeining, og under den første verdskrigen leidde han forhandlingane Noreg hadde med USA om forsyningar.

Hjelpearbeidaren
Nansen representerte Noreg i Folkeforbundet, og der leidde han arbeidet med heimsending av fangar etter den første verdskrigen. Han leidde også hjelpearbeidet under svoltkatastrofen i Russland og tok del i hjelpearbeidet for flyktningar. I 1922 fekk han Nobels fredspris for det humanitære arbeidet sitt. Her heime har han gitt ut ei mengd bøker, og var med og stifta Fedrelandslaget i 1924.