Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  12 (Noreg - "den nøytrale allierte")   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  12. NOREG - "DEN NØYTRALE ALLIERTE"
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Spanskesjuka


A Kva var spanskesjuka? Bruk Portal - Verdshistorie og noregshistorie etter 1750.
B Kva fortel dei to kjeldene om spanskesjuka og korleis ho ramma bygda? Kva slags tiltak hadde dei?

Kjelde: Augevitne som opplevde sjukdomen som barn

1. Ein mann fortel:

Helsetilstanden kunne vera skiftande. Stort sett var vi vel heldige i heimen vår. Dei vanlege farangane streva vi oss bra igjennom, og vi kom oss unna dei smittsame og farlege sjukdomane som herja mange heimar på den tid. Tuberkulose, difteri og skarlagensfeber vart vi ikkje fengde av, men spanskesykja fekk vi, og ho gjorde sitt innhogg også i vår heim. Mange av oss vart mykje sjuke, og yngste syster mi døydde då. Alle i heimen min låg sjuke samstundes. Og grannar og skyldfolk var så redde «sykja» at dei våga ikkje å gå inn til oss. Far var såpass at han kunne gå i fjøsen og stella krøtera, men han måtte leggja seg så snart han var ferdig. Vi streva med å få tak i dokter, men han var så oppteken at han rakk ikkje å sjå til alle som trong hjelp. Elles var det visst lite han kunne gjera. Det gjekk ut påbod om at kvar huslyd skulle få ei halv flaske brennevin til medisin. Eg minnest ikkje at eg såg noko til denne flaska. Men ein gong kom dokteren til oss. Og eg minnest det. Han let opp døra og vart ståande. Så brast det ut av han: «Dette ser fælt ut.» Då låg det utover golvet og i sengene overalt.

Frå Sogn og Fjordane i manns minne, Det Norske Samlaget 1973

2. Ei kvinne fortel:

I februar-mars 1919 slo sjukdomen til som hardast, med 10-12 dødsfall like etter kvarandre - det som elles var ein naturleg avgang for eit heilt år i denne bygda. Og no var folk på vakt, også reint bokstaveleg. Dei friske hjelpte dei sjuke med alle ting. Det hende ofte at ein heil huslyd måtte halde senga i fleire veker. Da møtte det opp naboar og vener som delte på arbeidet som måtte gjerast, så hjula gjekk da rundt på eit vis. Sterke karar skodde hesten og kjørte heim både ved og vatn. Ein langsprint til Steinkjer for å hente medisin var heller ikkje uvanleg for dei same karane. Det var ein tur på 6-8 mil. Og kvinnfolka stelte vèl med både folk og dyr i "ansmanns" gård.

Når så natta fall på og feberheite sjuklingar ropa om drikke, så sat det alltid eit folk der, ferdig til å servere både varmt og kaldt. Ei mjuk hand og eit roande ord var i mange tilfelle den beste medisinen. [...]

Alle desse "nattevaktene" hadde god greie på det kritiske døgnet i dei ymse heimane, så det var alltid einkvan som stilte opp for full jobb i det niande døgnet. Men sjukdomen kravde sitt utover heile året, så vi opplevde at ektepar vart gravsett samtidig, og at sysken døydde med få vekers mellomrom. Sterke, veltrena skogskarer kunne bli frakta heim frå skogastua godt nedpakka i teppe og høy, men livet sto ikkje til å redde. Medisinen var ofte tre store K-ar: Konjakk, Kamferdråpar, Kaffe.

Men det dukka opp ein del husråd som folk trudde på. Heime hos oss og mange andre stader sto det ei tjæregryte på komfyren og dampa. Kvar kveld var det samling rundt gryta, som var oppvarma og sett på kjøkenbordet. Alle måtte trekek til seg mest mulig av denne dampen - riktig hale den ned i lungene. Det vart også drøypt dråpar av terpentin på glodvarme steinar, og heile huslyden måtte sniffe den sterke dampen i seg. Det var ein retteleg hestekur. Varm sauetalg og terpentin vart gnidd inn i mjuke ullklutar og lagt på bryst og rygg ved det minste tegn til snue. Det hjelpte nok sikkert, men det klødde fælt. Det var ein frisk og god dåm i stuene frå desse medisingrytene, ein slags duftande garanti for god helserøkt.

Frå Trøndelag i nær fortid, Samlaget 1985