Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  13 (Sovjetunionen og verdskommunismen)   >  Portrett  >  Vladimir Lenin
   
  13. SOVJETUNIONEN OG VERDSKOMMUNISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Vladimir Lenin

Politisk oppvekst
Vladimir Iljitsj Uljanov (1870–1924), betre kjend som Lenin, blei fødd i ein solid middelklassefamilie i 1870. Broren blei avretta for deltaking i eit komplott mot tsaren, og i 1887 blei Lenin sjølv arrestert for deltaking i ein studentdemonstrasjon.

Lot seg ikkje stoppe
Lenin fullførte juristutdanninga si, men dei vedvarande politiske aktivitetane hans førte til ny fengsling og eksil i Sibir. I 1900 fekk Lenin reise til Sveits. Der etablerte han eit tidsskrift som allereie i 1903 blei offisielt organ for det nye all-russiske sosialistpartiet.

Slutten på tsarregimet
Dei første åra var dominert av striden mellom Lenins tilhengarar, bolsjevikane, og mensjevikane. I 1912 fekk bolsjevikane lov til å starte avisa Pravda, og i mars 1917 kunne ein ane fallet av tsarregimet.

I april 1917 kom Lenin i eit lukka tog til Petrograd. Han kjempa mot den provisoriske regjeringa og kravde all makt til arbeidar-, bonde- og soldatsovjetar, og leidde maktovertakinga til bolsjevikane i november 1917.

Ei dominerande kraft
Lenin dominerte politikken til det nye Sovjetregimet fram til han fekk slag i 1922. Han tok snart opp igjen pliktene sine, men eit nytt slag var heilt øydeleggjande, og han døydde i januar 1924.