Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  13 (Sovjetunionen og verdskommunismen)   >  Portrett  >  Josef Dsjugasjvili Stalin
   
  13. SOVJETUNIONEN OG VERDSKOMMUNISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Josef Dsjugasjvili Stalin – utropt til helt, men fordømt av ettertida

Josef Dsjugasjvili ”Stalin” (1879–1953) voks opp i småbyen Gori i Georgia. Han følgde eit presteseminar fram til 1898, då han slutta seg til sosialdemokratane.

Framståande redaktør
Han blei medlem av sentralkomiteen hos bolsjevikane, redigerte den kommunistiske avisa Pravda og var ein framståande person under borgarkrigen i åra etter revolusjonen. Mellom anna var han viktig i forsvaret av byen Tsaritsyn (seinare Stalingrad, nå Volgograd).

Grufulle utreinskingar
Etter Lenins død utmanøvrerte Stalin motstandarane sine, og fekk etter kvart diktatorisk makt. I 1934 tok utreinskingane til, retta mot såkalla fiendar av staten. Fleire millionar liv gjekk tapt. Fire år seinare inngjekk han ei ikkje-angrepsavtale med sin ideologiske erkefiende, Adolf Hitler. Denne avtala gav Sovjetunionen den tida dei trong til å ruste opp.

Stalin har ofte blitt samanlikna med Hitler når det gjeld grufull framferd, men somme har påstått at Sovjetunionen ikkje ville ha halde ut krigen med ein meir liberal leiar.

Utropt til helt, men fordømt av ettertida
Etter krigen blei han utnemnd til ”helt av Sovjetunionen”. Stalin blei ved sin død plassert ved sida av Lenin i mausoleet ved Den raude plassen, men leivningane hans blei flytta i 1956, da Khrustsjov fordømte metodane og leiarstilen til Stalin. Fleire byar oppkalla etter han fekk også nye namn.