Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  13 (Sovjetunionen og verdskommunismen)   >  Portrett  >  Mao Zedong
   
  13. SOVJETUNIONEN OG VERDSKOMMUNISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mao Zedong – den klare leiaren i Kina

Da Mao Zedong (1893–1976) blei fødd, var det kinesiske keisardømmet i ferd med å bryte saman. Det var stor intellektuell uro og utbreidd sosial misnøye, og vestlege idear, så vel liberale som marxistiske, trengde inn i Kina.

Den kinesiske revolusjonen
I 1912 blei republikken innført, og Kina gjekk inn i ein periode av kaos, krig og borgarkrig som varte heilt til den kommunistiske maktovertakinga i 1949. Mao var ein av stiftarane av Kinas Kommunistiske Parti (1921). Han var medlem av sentralkomiteen frå 1923 og partiformann frå 1935.

I motsetning til dei andre kommunistleiarane meinte han at bøndene måtte vere hovudkrafta i den kinesiske revolusjonen.

Katastrofale reformer
Mao la opp ein utviklingsmodell for Kina bygd på sjølvberging og kollektivisering, og ei omfattande auka industrialisering, Det store spranget. Nokre år seinare innleidde han Kulturrevolusjonen. Begge reformforsøka blei katastrofale.

Klar leiar
Mao gjekk av som statsleiar 1959, men heldt fram som partiformann. Han hadde Parkinsons sjukdom og var svekt dei siste åra av sitt liv, men heldt fram å vere den klare leiaren i Kina til han døydde.