Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  13 (Sovjetunionen og verdskommunismen)   >  Portrett  >  Jiang Jieshi (Chiang Kai-Shek)
   
  13. SOVJETUNIONEN OG VERDSKOMMUNISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Jiang Jieshi (Chiang Kai-Shek) – etablerte den kinesiske republikken

Mens Jiang Jieshi (Chiang Kai-Shek) (1887–1975) studerte i Japan, blei han med i Sun Yat-sens nasjonalistparti, Guomindang, som seinare kasta det regjerande Qing-dynastiet og etablerte den kinesiske republikken (1912).

Erobra Kina
Guomindang prøvde å samle landet, men fekk berre kontroll over dei sørlege delane. Resten var kontrollert av lokale krigsherrar. Da Sun Yat-sen døydde i 1925, overtok Jieshi leiinga av Guomindang og klarte i samarbeid med ”Kinas kommunistiske Parti” å erobre heile Kina.

Ville utrydde kommunistane
I 1927 avslutta Jieshi Guomindangs samarbeid med kommunistane og gav samtidig ordre om at dei skulle utryddast heilt. Denne politikken tvang kommunistane ut på ”Den lange marsjen”. Samtidig motstod Jieshi japanske styrkar som hadde invadert Kina i 1931.

Slått av Mao, flykta til Taiwan
Men i 1937 blei det full krig mot Japan. Etter at dei allierte hjelpte kinesarane å slå japanarane, braut borgarkrigen mellom Guomindang og kommunistane ut igjen. I 1949 klarte kommunistane under Maos leiing å sigre over styrkane til Guomindang, og Jieshi flykta til Taiwan. Her var han president for eit nasjonalistisk styre fram til han døydde.