Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  13 (Sovjetunionen og verdskommunismen)   >  Portrett  >  Madame Chiang Kai-shek
   
  13. SOVJETUNIONEN OG VERDSKOMMUNISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Madame Chiang Kai-shek – viktig kvinne for Kina

Madame Chiang Kai-shek (Mei-ling Soong) (1897–2003) blei fødd i Shanghai. Ho kom til USA i 1908 for å studere engelsk litteratur og filosofi, og merkte seg ut akademisk. Etter studia drog ho tilbake til Kina og studerte kinesisk kultur.

Berømt par
Mei-ling møtte Chiang Kai-shek i 1920. Han var elleve år eldre og sjølv om han var gift, fridde han til henne. Paret Chiang var ein gong eit av dei mest vidgjetne i verda, og i 1938 kåra Time Magazine dei til «Årets mann og kvinne».

Med språk som våpen
Chiang Kai-Shek styrte delar av Kina under den andre verdskrigen da japanarane okkuperte mesteparten av landet. Madam Chiang, som kunne flytande engelsk, fungerte som tolk, sekretær og rådgivar for mannen sin. Ho var også velartikulert og karismatisk, og ho klarte å overtale USA til å hjelpe Kina i kampen mot japanarane.

Viktig kvinne for Kina
Også i sitt eksil i Taiwan (1949–75) blei ho sett på som ei av dei viktigaste kvinnene i verdspolitikken, og ho heldt fram krossferda si for hjelp til Kina. Etter at mannen var død, flytta ho til New York der ho overlevde både kreft og fleire andre sjukdommar før ho til slutt sovna inn, 105 år gammal.