Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  13 (Sovjetunionen og verdskommunismen)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  13. SOVJETUNIONEN OG VERDSKOMMUNISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Motstandarane

A Kva skjedde med dei som var motstandarar av styret til Stalin?
B Kva var Gulag-arkipelet og Moskvaprosessane?
C Kva var årsakene til skipinga av arbeidsleirane og til utreinskingane?
D Kva klagemål blei retta mot dei som hamna i arbeidsleirane?
E Korleis var tilhøva i arbeidsleirane?

Kjelde: Brev frå fangar

Tvangsarbeidsleirar blei etablerte i 1919, men det var først i 1930-åra at systemet fekk eit stort omfang. I arbeidsleirane var det kriminelle og politiske og religiøse fangar. Gulag var namnet på arbeidsleirane i Sibir. Kjelda nedanfor er utdrag frå eit brev frå fangar til kommunistpartiet.

Vi er fangar som no returnerer frå Solovetski konsentrasjonsleir på grunn av dårleg helse. Vi drog dit fulle av energi og ved god helse, og no returnerer vi som invalide, knuste og forkrøpla psykisk og fysisk. Vi ber dykk om å sjå nærmare på den vilkårlege bruken av makt og den valden som rår i Solovetski konsentrasjonsleir i Kemi og i alle andre konsentrasjonsleirar. Det er vanskeleg for eit menneske å førestelle seg terroren, tyranniet, valden og lovløysa. (…) Folk døyr som fluger, det vil seie dei døyr ein sakte og pinefull død. Vi understrekar at denne lidinga er lagt på skuldrene til det fattige proletariatet, det vil seie arbeidarar som kom i ein uheldig situasjon under hendingane rundt oktoberrevolusjonen, og som gjorde brotsverk for å redde seg sjølve og familiane sine frå sveltedøden. Dei har allereie sona straffa si for desse brotsverka, og flesteparten av dei vil heller utføre ærleg arbeid. (…) Dersom du klagar eller skriv noko (Gud forby!), skuldar dei deg for fluktforsøk eller noko anna, og skyt deg som ein hund. Dei stiller oss opp nakne i 22 kuldegrader og let oss vere ute i opptil ein time. (…) Vi håper at det i kommunistpartiet er folk som er humane og sympatiske.
14. desember 1926
G. Zheleznov, Vinogradov, F. Belinskii

Frå nettstaden Revelations from the Russian Archives, 2003 (omsett av forfattarane).