Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  13 (Sovjetunionen og verdskommunismen)   >  Test deg sjølv  >  Repetisjonsspørsmål
   
  13. SOVJETUNIONEN OG VERDSKOMMUNISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Repetisjonsspørsmål


  1. Lag ei tidslinje over historia til Russland/Sovjetunionen. Marker følgjande på tidslinja: Komintern blir oppretta, styringstida til Stalin, borgarkrigen, kommunistisk maktovertaking, NEP, Moskvaprosessane, femårsplanane, Sovjetunionen blir oppretta, styringstida til Lenin.
  2. Kva konsekvensar fekk den første verdskrigen for Russland?
  3. Kva var bakgrunnen for februarrevolusjonen, og kva konsekvensar fekk denne revolusjonen?
  4. Kva var bakgrunnen for oktoberrevolusjonen, og kva blei resultatet av denne revolusjonen?
  5. Kvifor blei det borgarkrig i 1918, kven stod mot kvarandre i denne krigen og kven vann?
  6. Kva innebar NEP, og kva var bakgrunnen for denne økonomiske politikken?
  7. Kva var målet for den økonomiske politikken til Stalin, kva innebar denne politikken og kva blei konsekvensane?
  8. Kva var Moskvaprosessane?
  9. Kva var Komintern?
  10. Gjer greie for framgangen til kommunistane i Kina etter 1912.