Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  14 (Ei verd i ubalanse)   >  Portrett  >  Georges-Benjamin Clemenceau
   
  14. EI VERD I UBALANSE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Georges-Benjamin Clemenceau – lege, journalist, lærar og politikar

Georges-Benjamin Clemenceau (1841–1929) var opphavleg utdanna lege, men som republikanar kom han i konflikt med Napoleon 3. og drog til USA der han arbeidde i fleire år som journalist og lærar.

Offer for Panamakanal-skandalen
Då han kom tilbake til Frankrike i 1869, blei Clemenceau vitne til Napoleon 3. sitt fall, og frå 1871 var han medlem av Nasjonalforsamlinga. Han blei ikkje attvald i 1893 etter å ha blitt urettkome skulda for å vere betalt av britane i samband med Panamakanal-skandalen. Dei neste åra ofra han seg for journalistikken.

Inn i politikken igjen
I 1902 blei Clemenceau vald til senator, og i 1906 til statsminister. I hans regjeringstid blei den første Marokko-krisa løyst og alliansen med Storbritannia styrkt.

Vanskeleg forhold til Tyskland
Han var statsminister i to periodar; 1906–1909 og 1917–1920, og han var talsmann for ein uforsonleg politikk overfor Tyskland både under verdskrigen og fredsforhandlingane.

Clemenceau meinte at Wilson var altfor idealistisk, og han blei aldri nøgd med Versailles-traktaten. Ironisk nok tapte han presidentvalet i 1920 på grunn av si ettergiving overfor Tyskland.