Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  14 (Ei verd i ubalanse)   >  Portrett  >  Mustafa Kemal Atatürk
   
  14. EI VERD I UBALANSE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mustafa Kemal Atatürk – sigra over grekarane

Mustafa Kemal (1881–1938) var ein militærattaché og general som hadde leidd dei tyrkiske styrkane til siger over grekarane og deira allierte, mellom dei England, Frankrike og Australia.

Den første tyrkiske presidenten
Kemal aksepterte ikkje fredsvilkåra Sèvrestraktaten (august 1920) sette for Tyrkia. Han fekk sultanen avsett og dreiv grekarane ut i 1922. Året etter blei Kemal den første presidenten i den tyrkiske republikken.

Reformerte landet
Kemal styrte diktatorisk. Han moderniserte og europeiserte landet politisk, sosialt og økonomisk:
  • Islam blei avskaffa som statsreligion
  • Det persiske skriftspråket blei erstatta av det latinske
  • Forbod mot å bere slør og fez (rød tyrkisk hatt)
  • Innførte obligatorisk etternamn (og tok sjølv etternamnet Atatürk, som tyder landsfar, i 1934).
Hardhendte metodar
Men dei mange reformene og nye tiltaka kravde også sine offer, og mange historiebøker skuldar, med rette, Mustafa Kemal Atatürk for å ha brukt litt for hardhendte metodar overfor dei politiske motstandarane sine, og spesielt mot det kurdiske mindretalet i aust.