Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  14 (Ei verd i ubalanse)   >  Portrett  >  Charlie Chaplin
   
  14. EI VERD I UBALANSE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Charlie Chaplin – liten mann med store sko

Charlie Chaplin (1889–1977) blei fødd inn i ein engelsk artistfamilie. Då han var fem år, døydde far hans, og mora fekk eit nervøst samanbrot. Chaplin budde frå då på gata og i ulike barneheimar.

Den vesle mannen med flosshatt og store sko
Han livnærte seg ved å opptre med ein musikktropp, noko som etter kvart førte han til USA. I 1913 fekk han jobb i Keystone Company, og allereie året etter introduserte han den velkjende figur: den vesle mannen med flosshatt og store sko.

Mangfaldig perfeksjonist
På tjuetalet blei Chaplin verdskjend gjennom filmane The Kid og The Gold Rush (sistnemnde var Chaplins eigen favoritt). Chaplin var perfeksjonist og svært allsidig:
  • Skreiv manus
  • Regisserte
  • Komponerte filmmusikk
  • Spelte hovudrolla i ei rekkje filmar

Nazikritikar og kommunist?
I 1940 kom filmen The Great Dictator, ein satirisk og skarp kritikk av nazismen, der Adenoid Hynkel og Benzino Napaloni var oppsiktsvekkjande like Hitler og Mussolini. Hitler skal etter det dei seier, ha sett filmen fleire gonger.

Tidleg på 1950-talet blei Chaplin, som mange andre, mistenkt for å vere kommunist. Han flykta til Sveits, der han budde livet ut saman med den fjerde kona si og dei åtte barna deira.