Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  14 (Ei verd i ubalanse)   >  Portrett  >  Franklin Delano Roosevelt
   
  14. EI VERD I UBALANSE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Franklin Delano Roosevelt

Franklin Delano Roosevelt (1882–1945) blei fødd inn i ein velståande familie. Han studerte ved dei prestisjetunge universiteta Harvard og Columbia, og etter studia fekk han jobb i eit advokatfirma i New York.

Lenka til rullestolen
Roosevelt gifta seg i 1905 med den fjerne slektningen Anna Eleanor Roosevelt. Saman fekk dei seks barn. Allereie som 39-åring blei han råka av polio, noko som lamma begge beina, og gjorde han avhengig av rullestol. Roosevelt var guvernør i New York, før han i 1933 blei USAs 32. president.

Populær president
Året etter blei han prøvd skoten i Miami, men attentatet var mislykka. Roosevelt blei attvald heile tre gonger.

I ettertid er han blitt mest kjend for sitt New Deal-program som gjekk ut på at USA skulle komme seg ut av den økonomiske krisa ved hjelp av ein aktiv statleg politikk.

Ein framtidsretta mann
Roosevelt leidde også USA gjennom mesteparten av den andre verdskrigen, ein krig han i 1940 lova å halde USA utanfor. Roosevelt var den første sitjande presidenten som tok fly. Nyskapande, og svært populære, var også dei oppmuntrande radiotalene hans under krigen.