Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  14 (Ei verd i ubalanse)   >  Portrett  >  Coco Chanel
   
  14. EI VERD I UBALANSE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Coco Chanel – braut med tradisjonen

Gabrielle Bonheur Chanel (1883–1971) blei fødd inn i ein liten fransk bondefamilie. Foreldra døydde da Gabrielle var lita, så ho voks opp dels i eit kloster, dels hos to tanter. Det var tantene som gav henne kallenamnet ”Coco”.

Enkel og komfortabel
Coco likte å hengje rundt på veddeløpsbana, men ho hadde ikkje råd til dei flotte kleda som dei velståande gjekk rundt i. Ho bestemte seg i staden for å lage sin eigen stil. Han skulle vere enkel og komfortabel, i motsetnad til kvinnemoten den tida.

Braut med tradisjonen
Den nye stilen vekte ei viss oppsikt. Coco gifta seg med ein velståande mann, og han finansierte den første klesforretninga hennar i Paris. Ho blei raskt populær. Den enkle og litt gutevorne stilen blei symbolet på kvinneidealet på tjuetalet, og representerte også ei frigjering frå dei tradisjonelle og stive formene.

Kjendis med upopulære haldningar
Coco teikna alt frå hattar til undertøy, men mest kjent er nok den såkalla ”vesle svarte kjolen”, som sidan har blitt ein gjengangar i dei fleste kvinnegarderobane. Coco blei ein kjend person i si samtid, ho vanka saman med personar som Stravinsky og Picasso, og det gjekk rykte om dei mange elskarane hennar. Populariteten blei svekt etter krigen då den fiendtlege haldninga hennar til jødar og homofile blei kjend.