Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  14 (Ei verd i ubalanse)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Fritid og massekultur
   
  14. EI VERD I UBALANSE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Fritid og massekultur

Radioen ein suksess
Av masseproduksjonen følgde ikkje berre masseforbruk, men også massekultur. Da tenkjer vi for eksempel på at radioapparatet blei eit suksessprodukt på 1920-talet. Nesten alle i USA lytta til radio, og kanadiarar og europearar følgde etter. I 1939 var det 9 millionar radioapparat i Storbritannia. Halvparten av dei var kjøpte av folk med låg inntekt – frå 2,5 til 4 pund i veka. Dei som ikkje hadde råd til å kjøpe, leigde radioapparat.

Med radioen fekk underhaldningsindustrien eit gjennombrot. Programutvalet auka raskt. I august 1921 var det berre éin radiostasjon med lisens i USA. Ved utgangen av året 1922 var det 508 radiostasjonar i landet. Radiostasjonane opna kanalane for ein ny musikk, jazzen. 1920-åra var jazzalderen.

1920-åra var jazzalderen
Jazzen blei for ein stor del skapt av farga som flytta frå sørstatane til dei store byane i Midtvesten og i det nordaustlege USA, men denne musikkforma blei dyrka både av farga og kvite og spreidde seg snart også til Europa. Louis Armstrong og Duke Ellington reiste på turnear til dei europeiske hovudstadene og samla større publikum enn det som nokon gong hadde vore i ein konsertsal. Historikarar har funne jazzfeberen som herja Europa, interessant av fleire grunnar. Jazzinteressa vitnar om at Nord-Amerika var i ferd med å få ei førande rolle i kulturlivet. Dessutan var det første gongen i nyare historie at farga eller eit ikkje-europeisk folk oppnådde ein slik innverknad i Europa.

Verda inn i stova
Radiokulturen var meir enn musikkformidling. Mange programformer som vi dag kjenner godt og ser på som sjølvsagde – nyheitssendingar, sportskommentarar, serieprogram, kjendisintervju – blei skapte og kom med radioen i 1920-åra. Og meir enn alt anna forandra radioen livet for dei fattige, som no fekk verda inn i stua. Ein historikar seier det slik: «Frå no av trong dei aller mest einslege aldri å vere heilt åleine lenger.»

Fleire nye medium og teknologiske nyvinningar
Radioen var berre ei av fleire teknologiske nyvinningar som forandra livet og kvardagen for folk. I tillegg kom pressa, fotografiapparatet, filmen og grammofonen. Rotasjonspressa og fotoapparatet representerte ikkje nokon ny teknologi, men blei utbetra i 1920- og 1930-åra. Avisopplaga auka eksplosivt, og kjende biletmagasin som Life (USA) og Post (Storbritannia) såg dagsens lys.

Avisene og magasina var for dei som kunne lese, men filmen stilte ikkje slike krav. I 1920-åra blei det bygd kinoar overalt. Filmen var eit internasjonalt medium frå første stund. Da tenkjer vi på at i 1920-åra var filmane enno utan tale. Over heile verda fekk folk felles biletopplevingar. Lydfilmen og dei lange spelefilmane fekk gjennombrotet i 1930-åra, og folk strøymde til kinolokala. Historikarar har rekna ut kva for eit medium som var det mest populære: For kvar brite som kjøpte ei dagsavis i 1930-åra, var det to som kjøpte kinobillettar.

Kortare arbeidstid
Utviklinga av ein massekultur kom ikkje berre av ny teknologi og nye produksjonsmåtar. Vel så viktig var det at fagforeiningane i industrialiserte land fekk kjempa gjennom kortare arbeidsdagar og fekk innført den første ferieveka i avtalane. Det var også slik at dei som hadde arbeid, fekk gjennomgåande høgare lønn. Alminnelege menneske fekk dermed betre råd og ikkje minst meir fritid, altså betre tid og høve til å høre radio eller gå på kino.

Gjennombrot for masseidretten
Med kortare arbeidsdag fekk folk tid til å drive idrett og til å vere tilskodarar. Masseidretten fekk gjennombrotet i mellomkrigsåra. Ein av dei idrettane som blei mest utbreidd, var fotball. Spelet kunne praktiserast på kva som helst av opne plassar som var store nok. I 1923 blei Wembley stadion i London opna, med plass til 100 000 tilskodarar. Den offisielle innviinga skjedde i samband med cupfinalen, der kongen var til stades. Fotballspelet var med andre ord blitt heva opp på nasjonalt nivå. Sporten var britisk og gjekk sin sigersgang over heile verda. I 1930 blei World Cup etablert, med Uruguay som den første vinnaren.