Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  14 (Ei verd i ubalanse)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  14. EI VERD I UBALANSE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Krigsskadevederlag

Sigerherrane kravde at Tyskland skulle betale dei vederlag for skadane dei var påførte under krigen. Les kjeldene, læreboka og annan litteratur og svar på spørsmåla.

A Kor mykje kravde sigerherrane opphavleg av Tyskland?
B Kva blei den endelege vederlagssummen sett til, og kvifor reduserte sigerherrane summen?
C Kor mykje betalte Tyskland?
D Kastar opplysningane i kjelde 2 nytt lys over vederlagskravet mot Tyskland slik du ser det?


Kjelde 1: Det tyske krigsskadevederlaget

24.–29. januar 1921: Vederlagskommisjonen i Paris held fram utan Tysklands deltaking. Dei blir samde om at Tyskland skal betale 269 milliardar gullmark, og, i 42 år, 12 % av verdien av tysk eksport (i tillegg 1–2 milliardar årleg). Eventuelle russiske krav kjem i tillegg. Tyske krigsutgifter frå 1914–18 er sett til om lag 150 milliardar. Dette blei samla inn i hovudsak som krigsobligasjonar og må betalast attende til folket av staten.

8. mars 1921: Tyskland prøver å forhandle om summen utan suksess, delar av Ruhrområdet blir okkupert av Frankrike.

27. april 1921: Tysk vederlag blir sett til 132 milliardar gullmark, over 37 år.

1. mai 1921: Tyskland aksepterer vilkåra. Okkupasjonen av Ruhr held fram.

9. april 1924: Dawes-planen blir lansert for å stabilisere den økonomiske situasjonen i Europa, så tyskarane skal klare å betale vederlaga og dei allierte sin gjeld til USA. (…)

6.–31. august 1929 (…) Den framlagde Young-planen reduserer det tyske vederlaget enda meir. Dei allierte sin okkupasjon av Ruhr blir fastsett til sommaren 1930. (…)

16. juni–9. juli 1932 Vederlaget blir sett til ein sluttsum på 3 milliardar gullmark. Det gir ein total vederlagsbetaling på 53 milliardar * gullmark.

*Ingen kan sikkert seie kor mykje Tyskland betalte. Tyske utrekningar ligg rundt 60 mrd. gullmark, mens ikkje-tyske økonomar vekslar mellom 20 og 35 mrd. gullmark. Skilnaden kjem av usemje om verdien på dei avståtte tyske koloniane og grenseområda, og kva pris ein skal setje på ytingane i naturalia etter at krigen var slutt.

Frå nettstaden Worldatwar, 2003. Omsett av forfattarane


Kjelde 2: Krigsskadevederlag til Tyskland

Etter den fransk-tyske krigen (1870–71) kravde Tyskland eit krigsvederlag på 5 milliardar franc av Frankrike som skulle betalast over tre år. Tyskland sette også inn ein okkupasjonshær på fransk jord for å sikre seg at gjelda blei betalt. Frankrike betalte gjelda i løpet av to år.

Da Russland overgav seg til Tyskland i 1917, tvinga Tyskland Brest-Litovsk-avtalen på den overvunne fienden. Avtalen tok frå Russland 26 % av befolkninga, 27 % av den dyrkande jorda, 26 % av jernbanelinjene og 74 % av jernmalmen og kolførekomstane.

Frå nettstaden Daventry Tertiary College, 2003. Omsett av forfattarane