Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Portrett  >  Joseph Goebbels
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Joseph Goebbels – med makt over media

Goebbels blei fødd inn i ein streng katolsk arbeidarklassefamilie. Han studerte historie og litteratur ved Universitetet i Heidelberg. I ungdomsåra levde han mykje godt som ein bohêm, og prøvde seg også som forfattar.

Med makt over media
Han blei medlem av NSDAP i 1922, og blei raskt kjend for sine radikale meiningar og sitt intellekt. Goebbels ville faktisk utvise Hitler frå partiet i 1926, men endra oppfatning, og blei med tida ein av dei viktigaste støttespelarane for Hitler. Goebbels blei utnemnd til propagandaminister i 1929 og fekk raskt kontroll over media og kulturlivet.

Manipulerte Tysklands befolkning
Jødar og opposisjonelle blei fjerna frå stillingane sine, og ved hjelp av evnene som talar klarte han å manipulere store delar av den tyske befolkninga til å tru at Hitler var Tysklands bergingsmann og at jødar og marxistar var fiendar av landet.

Stor statsmann eller stor kriminell
Då krigen begynte, brukte han dei same evnene til å eggje folket til kamp. Da han innsåg tapet i 1945 tok han sitt eige liv, saman med kona og dei seks barna deira. Rett før han døydde skal han ha sagt: ”Vi går over i historia som dei største statsmenn gjennom tidene eller som dei største kriminelle.”