Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Portrett  >  Albert Speer
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Albert Speer – Hitlers arkitekt

Albert Speer (1905–1981) blei fødd 1905 i Tyskland og voks opp i ein overklasseheim, styrt av ein autoritær familiefar som heilt oversåg sonen. Speer utdanna seg til arkitekt, og i mars 1931 melde han seg inn i NSDAP.

Germania
Han fekk raskt Hitlers merksemd. Føraren var imponert av den noble framferda og dugleiken til arkitekten sin. Speer på si side behandla Hitler som ein likemann innanfor arkitektur. Dei kunne sitje i timevis og planleggje verdshovudstaden Germania og drøfte bygningsstil og arkitektur, mens dei lytta til Wagner, Schumann og Beethoven.

Ville forgifte rikskanselliet
I 1934 blei Speer Hitlers sjefsarkitekt. Då Speer forstod at undergangen av naziregimet nærma seg, planla han å rydde Hitler og andre nazileiarar av vegen med giftgass via ventilasjonssystemet i rikskanselliet, men fekk aldri gjennomført planen.

Fruktbart fengselsopphald
Speer blei kjend skuldig i krigsbrotsverk og dømd til 20 års fengsel. I Spandau-fengselet las han tusenvis av bøker, skreiv memoarane sine, teikna og dyrka ein stor fengselshage. Han blei sett fri i 1966, og nokre år seinare offentleggjorde han memoarane sine. Dei blei ein bestseljar. Speer døydde av eit slag i 1981.