Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mussolini om fascismen

A Kva fortel leksikonartikkelen om fascismen?
B Kva slags menneskesyn gir Mussolini uttrykk for?
C Kva slags samfunns- og historiesyn gir Mussolini uttrykk for? Kapittel 3 i Arbeidsportal kan vere til hjelp.
D Vurder kor pålitande og nyttig kjelda er.

Kjelde: Mussolini om fascismen

Benito Mussolini (1883–1945) gjekk i løpet av sitt liv over frå å være sosialist til å bli leiar for ei ny politisk rørsle kalla «fascismen». Mussolini kom til makta etter «marsjen mot Roma» i 1922, og blei utpeikt til statsminister av kong Victor Emmanuel. I 1932 skreiv Mussolini (med hjelp av Giovanni Gentile) eit oppslag til det italienske oppslagsverket om definisjonen av fascisme.

Fascismen, di meir han veg for og imot og observerer framtida og utviklinga av menneskeslekta lausriven frå dei politiske vurderingane i rørsla, trur verken på sjansen for eller nytta av evigvarande fred. (…) Krig åleine får all menneskeleg energi opp til den høgaste spenning og gir dei som har mot til å møte han, merket til det noble. Alle andre domstolar er substitutt, som aldri verkeleg set menn i ein posisjon der dei må ta den store avgjerda – valet mellom liv og død. (…)

Fascisten aksepterer livet og elskar det, er ukjend med og foraktfull overfor sjølvmord, han forstår heller livet som plikt og kamp og erobring, men framfor alt for andre – dei som er til stades og dei som er langt unna, dei samtidige og dei som vil komme etter. (…)

Fascismen er det totalt motsette av marxistisk sosialisme, den materialistiske forståinga som seier at historia til menneskeslekta kan bli forklart heilt enkelt gjennom interessekonfliktar mellom ulike sosiale grupper og ved endring og utvikling av produksjonsmiddel. (…) Fascismen trur, no og alltid, på det heilage og heltedåd; det vil seie på handlingar som ikkje er påverka av noko økonomisk motiv, direkte eller indirekte. (…) Og framfor alt avviser fascismen at klassekrig kan vere den viktigaste krafta i omforminga av samfunnet. (…)

Fascismen motarbeider heile det samansette systemet av demokratisk ideologi, (…) anten det er i dei teoretiske premissane eller den praktiske bruken. Fascismen avviser at fleirtalet, på grunn av det simple faktum at det er fleirtalet, kan styre samfunnet til menneska (…) og han stadfestar at den uomskiftelege, lønnsame og konstruktive ulikskapen som kjenneteiknar menneskeslekta, aldri kan bli varig utjamna berre gjennom ein mekanisk prosess som røysterett. (…)

Fascisme meiner at sjølv om 1800-talet var hundreåret for sosialisme, liberalisme og demokrati, følgjer det ikkje uunngåeleg at det tjuande hundreåret også må bli det. (…) det kan heller ventast at dette vil bli eit hundreår av autoritet (…) eit hundreår for fascisme. For dersom det nittande hundreåret var hundreåret til individualismen, kan ein vente at dette vil bli hundreåret til kollektivismen og dermed til staten. (…)

Grunnlaget for fascismen er forståinga av staten, karakteren, pliktene og måla til staten. (…) den fascistiske staten er seg sjølv bevisst og har sjølv ein vilje og ein personlegdom – slik kan han kallast den «etiske» staten. (…)

Den fascistiske staten organiserer nasjonen, men let etter seg ein tilstrekkeleg margin av individuell fridom (…) for fascismen er veksten i imperiet, det vil seie ekspansjonen av nasjonen, eit grunnleggjande uttrykk for vitalitet, og det motsette er eit teikn på forfall. (…) Fascismen er den doktrinen som er best eigna til å representere tendensane og aspirasjonane til (…) det italienske folk, som reiser seg igjen etter mange hundreår med fornedring og utanlandsk slaveri. Men imperium krev disiplin, samordning av alle krefter og ei djupfølt forståing av plikt og offer; dette faktum forklarer mange aspekt av det praktiske arbeidet til regimet, karakteren til mange krefter i Staten, og dei tvillaust alvorlege midla som må takast i bruk mot dei som motset seg denne spontane og uunngåelege rørsla i Italia i det tjuande hundreåret, og vil motsetje seg det ved å hugse den utslitne ideologien frå det nittande hundreåret . (…)

Frå Benito Mussolini: «What is Fascism», 1932, etter nettstaden Modern History Sourcebook, 1999 (omsett av forfattarane).