Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Det nye tyske mennesket
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Det nye tyske mennesket – styrke og venleik som ideal

Samanbrot av ein sivilisasjon
Nazismen og det som skjedde i Tyskland, har mange i ettertid sett på som eit sivilisasjonssamanbrot, og ein har stilt seg spørsmålet: Korleis kunne ein så høgt utvikla sivilisasjon som den tyske forfalle til det fryktelegaste barbari og massedrap? Nazistane sjølve såg det naturlegvis ikkje slik. Dei meinte at det var dei som ville atterreise ein øydelagd sivilisasjon og ein kultur som var smitta av ikkje-tyske innslag.

Nazistanes syn på forfall og kunst
Nazistane hevda at den moderne verda var trua av eit samanbrot, og at all høgverdig kultur og alle gode tradisjonar som var knytte til den tyske nasjonen og den tyske livsforma, var trua av ein degenerert og sjukeleg kultur. Det degenererte var først og fremst representert av jødane og deira kultur, men også av alt som var moderne i kunst- og kulturlivet i mellomkrigstida – jazz, eksperimentell musikk og modernistisk målarkunst. Nazistane ville ikkje berre skape eit nytt tysk rike, men også eit nytt tysk menneske og ein ny tysk kultur.

Folket måtte reinskast
Årsakene til forfallet, hevda nazistane, var at menneska var blitt svake og stygge både kroppsleg og åndeleg, fordi dei ikkje hadde verna om den reine rasen, og den reinaste rasen var den ariske. Det måtte setjast i gang ein reinsingsprosess både av det tyske folket (rasehygiene) og av den tyske kulturen. Det nye, tyske mennesket skulle vere sterkt og vakkert. Dei to mennene på skulpturen av Thorak uttrykkjer først og fremst styrke, men det sterke er også vakkert, ei oppfatning som var sentral i maskuline venleiksidealet til nazistane. Tittelen «Kameratskap» markerer også ein sentral tanke i nazismen, nemleg at menneska stod sterkast når dei marsjerte i takt. Den nazistiske kampsongen, som også blei nasjonalsong i 1933, begynner med orda: «Fana høgt! Rekkjene tett slutta.»

Antikken som ideal
Mange av dei tyske leiarane hadde kunstnarlege ambisjonar, slik Hitler sjølv hadde hatt i ungdommen, og dei var opptekne av kunst. Mange nazistar meinte at antikken hadde vore høgdepunktet i historia, og Romarriket blei framheva som den vakraste staten i verda. Vi kan sjå påverknad frå antikk skulpturkunst hos Thorak, og tittelen på måleriet til Ivo Saliger viser til ein gresk myte om den trojanske prinsen Paris, som fekk i oppgåve å avgjere kven som var vakrast av tre greske gudinner. Saliger har knytt det antikke og det tyske saman ved å la Paris vere kledd i tyske klede, kanskje ei Hitlerjugend-uniform.

Den nazistiske kunsten kopierer klassisk skulpturkunst og arkitektur, men i større og meir kraftutstrålande utgåver. Kunsten i Det tredje riket skulle gjerne overgå kunsten frå antikken. Vi kan snakke om ein gigantomanisk klassisisme. Det ser vi i modellen av Det tyske stadion i Nürnberg, som forresten aldri blei oppført. Tanken var truleg at her skulle dei gigantiske partidagane gå føre seg. Hitler elska slike storfelte og teatralske arrangement, slik han også elska storfelte operaframsyningar.

Det vakre er det sanne
På ein nazistisk propagandaplakat står det: «Folkefellar! Tru ikkje at Tysklands ulykke og elende ... kan reddast av parti som hevdar at dei byggjer på eit fundament av fakta. Aldri!» Nazismen var antivitskapleg og antirasjonell. Det var ikkje forsking og tenking som skulle skape det nye tyske mennesket, men kunsten og fantasien. Her ser vi kor nær nazismen låg romantikken. Sanninga var ikkje å finne i vitskap og filosofi, men hos store, geniale menn, hos dei som såg det vanlege menneske ikkje såg. Føraren hadde alltid rett. Studenten si oppgåve var å tene Føraren og Folket, slik propagandaplakaten forkynner. Hitler sa i ein tale: «Det vakre er det sunne!» Etter at nazipartiet kom til makta, hadde han også makt til å utrydde det han oppfatta som stygt og usunt.