Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  16 (Kriser og klassekamp i Noreg)   >  Portrett  >  Martin Tranmæl
   
  16. KRISER OG KLASSEKAMP I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Martin Tranmæl – revolusjonær samlingsmann

Martin Tranmæl (1879–1967) var den mest profilerte personlegdommen og mektige politikaren i arbeidarrørsla i mellomkrigstida. Han var bondeson frå Melhus i Trøndelag, og drog til USA i ungdommen der han jobba som målarsvein.

Talar, agitator og redaktør
I USA kom han i kontakt med den revolusjonære retninga i amerikansk arbeidarrørsle. Han kom heim, og gjekk inn i fagrørsla, der han straks blei kjend som ein glimrande talar og agitator. Tranmæl var redaktør i avisa ”Social-Demokraten” i mange år. Han blei fleire gonger dømd for artiklar han skreiv og sona 120 dagar i fengsel. Han var også antimilitarist.

Revolusjonær samlingsmann
Tranmæl fekk etter kvart mange verv i arbeidarrørsla, og var ein del av den revolusjonære fløya i Arbeidarpartiet. Men etter splittinga i partiet arbeidde Tranmæl for ein reformistisk politikk, og han får mykje av æra for samlinga av partiet.

Asket med stor innverknad
Martin Tranmæl var kjend for sin asketiske livsførsel og var fråhaldsmann. Han skipa Arbeidernes avholdslag. Tranmæl hadde ikkje verv i Arbeidarpartiet etter krigen, men han hadde stor innverknad i partiet og arbeidarrørsla heilt fram til han døydde.